Olai Pedersen Wiig () var ein bonde og stortingsmann frå Trøgstad i Østfold.

Far til Wiig, Peder Wiig, var eit mekanisk geni som konstruerte mange oppfinningar og som til sist busette seg i København. Sjølv vart Olai i 1831 gardbrukar på Stikla i Båstad sokn i Trøgstad. Til liks med faren var han oppteken av mekaniske studiar. På garden sin hadde han mylne, sagbruk og teglverk. I 1868 bygde han ei lita papirmylne, som han flytta til Bønsdalen i Eidsvoll like før han døydde.

Wiig var i årevis medlem av heradsstyret i Trøgstad, ordførar 1844-47.

Wiig representerte Smaalenenes amt på Stortinget ei rekke gonger mellom 1845 og 1879. På dei fyrste tingsamlingane, 1845, 1851 og -54, var han medlem av protokollkomiteen. Også i 1857, 1859-60, 1862-63 var han medlem av nemnde komite, i tillegg var han 1857 medlem av komiteen om fengselslova, 1859-60 av komiteen om statthaldarsaka og 1862-63 i komiteen om skogslova og om matrikkellova. Dessutan var han medlem av valkomiteen på omframstortinget 1858 og på alle stortinga frå 1859 til 1869. I 1864 var han medlem av komiteen om den dansk-tyske krigen og i 1865-66 komiteen om hjelpekyrkje i Trondheim. Både i 1865-66 og 1868-69 var han medlem av tollkomiteen. I dei to siste stortingsperiodane, 1874-76 og 1877-79 var han medlem av Lagtinget, valkomiteen og vegkomiteen. Han var 17. mai 1864 medlem av Stortinget sin deputasjon til Eidsvoll.

Wiig døydde på garden sin i Båstad i 1887.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt Kategori:Ordførarar i Trøgstad Kategori:Folk frå Trøgstad