Foryd Bay (walisisk Y Foryd eller Bae'r Foryd) er ei bukt i Gwynedd i Wales. Ho ligg i sørenden av Menaisunda, om lag 3 km sørvest for Caernarfon. Fleire elvar munnar ut i bukta og her finst stor område med slamflater og marskland. Ei grustunge blokkerer delvis inngangen til bukta. I nordvestenden ligg Fort Belan, bygd på 1700-talet.
Bukta er erklært ein stad av særleg vitskapleg interesse og i 1994 vart han eit lokalt naturreservat på grunn av dyrelivet her. Mange fuglekikkarar kjem her om vinteren og i trekktida kann ein sjå mange forskjellige fuglevilt og vadefuglar, som brunnakke, ringgås, bekkasin, sotsnipe og gluttsnipe. Terner kviler ved munningen av bukta.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Foryd Bay» frå , den 11. januar 2010. oppgav desse kjeldene: Davies, Alan & Owen Roberts (2007) Best Birdwatching Sites in North Wales, Buckingham Press, Peterborough. Gwynedd Council (2009) Celebrating 15 years of protecting wildlife on Y Foryd . McFarland, Valerie (1990) RSPB Guide to Birdwatching on Anglesey & Lleyn, The Royal Society for the Protection of Birds, Sandy.
Kategori:Bukter i Wales Kategori:Naturreservat i Wales Kategori:Site of Special Scientific Interest i Wales Kategori:Geografi i Gwynedd