mini|Islas Gimnesias (mørkegrått). Islas Gimnesias (katalansk Illes Gimnèsies) er dei to største og austlegaste øyane i Balearane i Spania, Mallorca og Menorca. Dei andre store øyane i Balearane er Islas Pitiüses (Ibiza og Formentera).

Namn Ordet Gimnesias (frå gresk γυμνήτες gymnetes) tyder «naken». Dei gamle grekarane leigde dei lokale innbyggjarane på desse øyane, talayotane, som slyngarar.

Seinare kalla fønikiarane både Mallorca og Menorca for Baliarides. Etter at heile øygruppa kom under Romarriket fekk heile øygruppa namnet insulae baliares eller Baleares insulae, og dette namnet har halde ved til moderne tider.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gymnesian Islands» frå , den 16. juli 2009. oppgav desse kjeldene: Strabius Geografia Bok III, Kapittel 2 Belenguer, E. Història de les illes Balears. Barcelona: Edicions 62, 2004. s. 525. ISBN 84-297-5506-3 (volume I)

Gimnesias