Isla de Tagomago er ei privateigd øy utanfor austkysten av Ibiza. Ho høyrer til Balearane i Spania.

Øya er 1525 meter lang og 113 meter brei. Øya er berglendt med ei hamn og eit fyr i vest. Fyret vart reist i 1913 og er eit landemerke for båtar på veg frå Ibiza til Palma de Mallorca og Barcelona. Fyret står 86,3 meter over havet.

Øya er eigd av den tyske entreprenøren Matthias Kühn.

Albumet Tago Mago av den tyske rockegruppa Can frå 1971, er kalla opp etter denne øya.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Isla de Tagomago» frå , den 16. juli 2009. oppgav desse kjeldene: Club Der Amar (spansk)

Kategori:Ibiza Kategori:Øyar i Balearane