Kilsfjord kyrkje er ei langkyrkje på Straumshamn i Kilsfjorden i Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1974 og bygd i betong. Arkitekt var Alf Apelseth.Samstunde som han teikna denne kyrkjaa, arbeidde han og med Berle kyrkje, og ei kyrkje i Stryn. Teikningane likna mykje på kvarandre

Kyrkja har 200 sitjeplassar. Orgelet er levert av Vestre Orgelfabrikk på Haramsøy.

Kyrkjeklokka er ei gåve frå Fyrvesenet. Ho hadde tidlegare vore plassert ved Skår fyrlampe på austsida av Langenuen ved Stord, og brukt som tåkesignal. Ho er støypt i Dresden i Tyskland i 1878. Bakgrunnen for gåva frå Fyrvesenet var at mange frå området der Kilsfjord kyrkje står har arbeidd i Fyr- og merkevesenet.

Kyrkjeskipet som heng i taket er ein modell av eit fjørefar, ei open fiskebåt frå 1700-talet. Han er laga av Saxe Bjørkedal.

Det er kyrkjegard ved kyrkja. Andre kyrkjer i Volda Austefjord kyrkje Bjørke kyrkje i Volda Dalsfjord kyrkje Hornindal kyrkje Volda kyrkje Fotnotar

Kjelder

Kategori:Kyrkjer i Volda Kategori:Alf Apelseth Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Kyrkjer i Søre Sunnmøre prosti Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1974 Kategori:Kulturminne i Volda