Bømlo gamle kyrkje er ei langkyrkje på Vorland på Bømlo. Den noverande kyrkja kan ha vore bygd i 1621, eller litt seinare på 1600-talet, men har etter den tid vorte vølt og ombygd fleire gonger, sist gong i 1951. Det har stått kyrkje på Vorland sidan mellomalderen og kyrkja her vart nemnd første gongen i 1360.
Den aller første kyrkja på Bømlo var truleg bygd i Eidesmarkjo på Eide. Segna fortel at kyrkjetømmeret ei natt, av overnaturlege krefter, vart flytta inn til Vorland. Kyrkja vart såleis flytta frå klosterjorda til prestebolsjorda.Kari Shetelig Hovland, «Bømlo bygdebok - Gards- og ættesoge for Bømlo sokn» (1972) ISBN 82-7129-000-2 På Vorland vart kyrkja bygd eit stykke sørvest for tunet på Basthogjen, under Fjellet. Den gamle kyrkja vart riven i 1620 og den nye ført opp i 1621.
Kyrkja er utan tårn, men har ei luke i gavlen for å sleppe ut klokkeklangen. I 1848 fekk kyrkja nytt kor, og i 1885 vart kyrkja ombygd med nye benkar og galleri langs eine langsida.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Sunnhordland prosti Kategori:Kyrkjer i Bømlo Kategori:Kulturminne i Bømlo Kategori:Norske kyrkjer frå 1620-åra Kategori:Freda bygg i Vestland