Ypsilonprisen er Drammensbibliotekets litteraturpris som har vorte delt ut årleg sidan 2000. Fram til og med 2010 heitte prisen Brakeprisen. Prisen skal gå til ein forfattar som enten er frå, eller har nær tilknyting til Drammen, Røyken, Hurum, Lier, Øvre Eiker eller Nedre Eiker, og som har gjort noko særskild for litteraturen i drammensområdet året før, noko som har stimulert til leselyst og leseglede.

Kandidatane vert nominert av ein komité ved biblioteket, og etterpå er det lånarane og andre interesserte som stemmer fram sin favoritt mellom dei nominerte. Prisen er på 10 000 kroner og eit kunstverk.

Det tidlegare namnet på prisen, Brakeprisen, var inspirert av skaldeguden Brage, av einerbusken (som i ein einar), som òg kan kallast brake, og av Brakernes, det tidlegare namnet på Bragernes i Drammen. Dessutan var det eit tilsikta spel på likskapen med Brageprisen. Etter kvart vart det eit problem at namnet vart forveksla med Brageprisen, og det vart avgjort at namnet skulle endrast til Ypsilonprisen. «Ypsilon» er namnet på ei y-forma gangbru over Drammenselva. Brua ligg i nærleiken av Drammensbiblioteket og er vorte eit kjennemerke for byen.

Prisvinnarar År Prisvinnar Boktittel2012 Erland Kiøsterud Mimina 2011 Kristian Klausen Akilles 2010 Tom H. Dalbak Den siste bjørnen i Vassfaret2009 Romeo Gill Harjeet2008 Erik Bakken Olafsen Turisten 2007 Kyrre Andreassen Svendsens catering2006 Tom H. Dalbak En by som Drammen2005 Tangen og Åskollen historielag Jernstøberiets båter 2004 Triztán Vindtorn Å skjøte en regnbue2003 Paal-André Grinderud En magentaturkis himmel - en hyllest til hverdagsmennesket2002 Tor Adler Knudsen Timer i Drammen 2001 Tom H. Dalbak Spinn2000 Tor Bomann-Larsen Livlegen

Referansar

Bakgrunnsstoff «Ypslionprisen» på nettstaden til Drammensbiblioteket.

Kategori:Norske litteraturprisar Kategori:Kultur i Drammen Kategori:Skipingar i 2000