Arthur Holmeslands pris for sakprosa er ein pris som vert gjeven som påskjønning for norske forfattarar av dokumentar- og fagbøker og er ei hylling til minne om Arthur Holmesland, sjefen i forlaget Aschehoug gjennom mange år. Prisen vart skipa i 1996, og vert delt ut av Aschehoug etter innstilling frå forlagets redaksjon for sakprosa og leiinga i forlaget. Prisvinnarane er tilknytte forlaget Aschehoug. Ein kan ikkje søkja om å få prisen.

Prisvinnarar 1996: Kristian Ottosen 1997: Trond Berg Eriksen 1998: Finn Skårderud 1999: Thomas Hylland Eriksen og Dag O. Hessen 2000: Arild Stubhaug 2001: Jahn Otto Johansen 2002: Torkil Berge og Arne Repål 2003: Berit Nøkleby 2004: Alf R. Jacobsen 2005: Eivind Smith

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Aschehoug: «Arthur Holmeslands pris for sakprosa»

Kategori:Norske litteraturprisar Kategori:Norske fagbokprisar Kategori:Skipingar i 1996