Muswell Hillbillies er eit album av det engelske rockebandet The Kinks, som kom ut i november 1971. Albumet er kalla opp etter Muswell Hill-området i London, der bandleiaren Ray Davies og gitarist Dave Davies vokste opp, og der bandet oppstod tidleg i 1960-åra. Ironisk nok vart biletet på framsida av plateomslaget teken i The Archway Tavern, ein pub meir enn 3 km frå Muswell Hill.
Albumet er ei variert samling av songar av Ray Davies med fokus på frustrasjon og stress i det moderne livet. Albumet varierer musikalsk frå rock («20th Century Man») og country («Muswell Hillbilly») til blues («Here Come the People in Grey») og teatralsk, varieté-inspirerte songar («Alcohol»).
Mange kritikarar reknar dette som det siste av dei store albuma til bandet i «gullalderen» deira frå 1966 til 1972. I 1984 kalla Rolling Stone dette albumet «kjenningsbodskapet» til lågskrivaren.
Muswell Hillbillies var det første albumet bandet gav ut på RCA Records, etter at dei hadde forlate det førre plateselskapet sitt Pye Records (Reprise Records i USA). Hillbillies vart ikkje ein kommersiell suksess (det gjekk ikkje inn på listene i Storbritannia og var berre ein moderat suksess i USA), og salstala var skuffande samanlikna med suksessen til Lola året før. Men det fekk god kritikk og vart kåra til årets album i 1972 av Stereo Review.
Etter det neste albumet til The Kinks, Everybody's in Show-Biz i 1972, tok Davies bandet inn ein fire år lang «teatralsk» periode (1973-1976) med fleire musikarar i bandet, tematiske konseptalbum og omfattande sceneshow. Innhald
Medverkande The Kinks Ray Davies - solovokal, akustisk gitar, resonatorgitar Dave Davies - sologitar, slidegitar, banjo, korvokal John Dalton - bassgitar, korvokal John Gosling - piano (akustisk og elektrisk), Hammondorgel, trekkspel Mick Avory - trommer, perkusjon med: Mike Cotton - trompet John Beecham - trombone, tuba Alan Holmes - saksofon, klarinett Vicki Brown - korvokal på spor 4 og 9 Ken Jones - munnspel på spor 7 Mike Bobak; Richard Edwards - lydteknikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Muswell Hillbillies» frå , den 10. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Kinks-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:RCA Records-album Kategori:Album produserte av Ray Davies Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios Kategori:Countryrockalbum Kategori:Engelske countryalbum Kategori:Konseptalbum