Everybody's in Show-Biz er eit dobbeltalbum av det engelske rockebandet The Kinks frå 1972. Den første plata av albumet inneheld studioinnspelinga, medan den andre plata inneheld songar frå to konsertar i Carnegie Hall.

Everybody's in Show-Biz vert ofte sett på som eit overgangsalbum for The Kinks og markerte ei ny retning i låtskrivarstilen til Ray Davies mot ein meir teatralsk, rar og varietéliknande stil. Det vert òg av dei fleste musikkritikarar rekna som slutten på «gullalderen» til The Kinks.

Albumet var det første der Davies utforskar slitet det er å vere rockestjerne og kor monotont turnelivet kan vere. Davies nyttar som vanleg kløkt og skarpe tekstar for å skildre rockelivet, men det er òg ein dis av keisamheit og sorg over mange av desse songane, mest tydeleg i dei retrospektive «Sitting in my Hotel» og «Celluloid Heroes».

Innhald

Medverkande Ray Davies - solovokal, akustisk gitar, resonatorgitar Dave Davies - sologitar, slidegitar, banjo, korvokal, 12-strengs akustisk gitar på «Celluloid Heroes», solovokal på «You Don't Know My Name» John Dalton - bassgitar, korvokal John Gosling - klaverinstrument Mick Avory - trommer Mike Cotton - trompet John Beecham - trombone, tuba Alan Holmes - saksofon, klarinett Dave Rowberry - orgel på «Celluloid Heroes»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Everybody's in Show-Biz» frå , den 3. mai 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:The Kinks-album Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:Dobbeltalbum Kategori:RCA Records-album Kategori:Album produserte av Ray Davies Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios