«Undercover of the Night» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones frå 1983 og den første singelen frå albumet Undercover.
Inspirasjon og innspeling
Songen er hovudsakleg skriven av Mick Jagger, og i omslaget til samleplata Jump Back seier gitarist Keith Richards at songen var Jagger sin og at han berre spelte gitar på han. Songen vart truleg skriven i Paris seint i 1982, der plata vart innspelt.
Teksten omhandlar den då pågåande politiske korrupsjonen i Mellom- og Sør-Amerika.
Jagger fortalte i omslaget til Jump Back at songen var kraftig påverka av Cities of teh Red Night av William Burroughs. Innspelinga av songen starta tidleg i 1983 og heldt fram seinare på sommaren i New York City. Songen vart spelt inn i to utgåve, ein med bassist Bill Wyman og ein annan med gjestebassist Robbie Shakespeare. Songen er rytmisk med rytmar av Sly Dunbar, Martin Ditcham, Moustapha Cisse og Brahms Coundoul, på forskjellige rytmeinstrument. Orgelet vert spelt av Chuck Leavell, som seinare vart fast pianist for Rolling Stones.
Utgjeving
«Undercover of the Night» vart gjeven ut som den første singelen frå albumet 1. november 1983. Songen vart først godt motteke og nådde 9. plass i USA og 11. plass i Storbritannia, men songen forsvann raskt frå listene, kanskje på grunn av den valdelege teksten til Jagger.
Ein gjennomarbeidd musikkvideo vart laga for songen der Jagger som kriminalbetjent hjelper ei ung kvinne å følgje etter nokre folk som har kidnappa kjærasten hennar. Richards er leiaren for kidnapparane og skyt til slutt Jagger.
Salslister Liste (1983–84) PlasseringAustralia (Kent Music Report)27 Årslister Liste (1984)PlasseringUS Billboard Hot 10093
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Undercover of the Night» frå , den 26. mars 2009.
Bakgrunnsstoff Songteksten
Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Songar produserte av Chris Kimsey Kategori:Songar produserte av The Glimmer Twins Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Musikkvideoar regisserte av Julien Temple Kategori:Singlar frå 1983