«She Was Hot» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones på albumet Undercover frå 1983.
Innspelinga av «She Was Hot» starta først seint i 1982. Han er skriven av Mick Jagger og Keith Richards som ein tradisjonell rock 'n' roll-song. Det er sagt at Jagger anten klagar over ein tapt kjærleik eller groupiar bandet møter på turne, og nemner fleire amerikanske byar i teksten:
Både den originale Stones-pianisten Ian Stewart og erstatninga hans Chuck Leavell spelar på songen. B-sida til singelen var ei innspeling som ikkje vart nytta på Emotional Rescue, «I Think I'm Going Mad».
«She Was Hot» kom ut som singel 24. januar 1984 som den andre frå albumet. Han gjorde det ikkje særskild bra og nådde berre 44. plass i USA og 42. plass i Storbritannia. Det vart laga ein musikkvideo for songen med skodespelarinne Anita Morris som prøver seg på kvart enkelt bandmedlem.
Bandet har spelt songen ein del på dei siste turnane og ei utgåve er gjeven ut på konsertalbumet Shine a Light frå 2008.
Salslister Liste (1984) PlasseringAustralia (Kent Music Report)60
Kjelder Denne artikkelen bygger på «She Was Hot» frå , den 26. mars 2009.
Bakgrunnsstoff Songteksten
Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Songar skrivne av Jagger/Richards Kategori:Songar produserte av The Glimmer Twins Kategori:Musikkvideoar regisserte av Julien Temple