Pål Gunnar Mikkelsplass, () er ein tidlegare norsk langrennar frå Bromma i Hallingdal. Han var med å vinne gull i to VM-stafettar i høvesvis 1982 og 1985 for Noreg, og ei VM-bronse i 1987. Individuelt vann han sølvmedalje på 15 km, både i olympiameisterskapen i Calgary i 1988 og i verdsmeisterskapen i Lahti i 1989 i klassisk stil (det var under den meisterskapen det vart avvikla to meisterskapsrenn på 15 km). Han vann tre renn i verdscupen, beste samanlagtplasseringa i verdscupen var ein tredjeplass i 1988. I 1994 gifta han seg med langrennaren Marit Wold. Den eldre broren Eilif K. Mikkelsplass var og ein habil langrennar. Begge brørne representerte Bromma IL.

Han var landslagstrenar i langrenn for Noreg frå 1999 til 2002.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1981: Vinnar av 15 km i Holmenkollen. 1982: Vinnar av 15 km i Reit im Winkl, nr 10 på 15 km i VM i Oslo. 1983: Nr 2 på 15 km i Lahti. 1984: Nr 10 på 15 km i Holmenkollen. 1985: Nr 2 på 15 km i Davos og nr 3 på same distansen i Holmenkollen. 1985/6: Nr 2 på 15 km i Labrador City. 1987: Nr 4 på 15 km i VM i Oberstdorf. Nr 3 på 15 km i Kavgolovo. 1988: Sølvmedalje på 15 km og nr 6 på 30 km i OL i Calgary. Vinnar av 50 km i Rovaniemi. 1989: Sølvmedalje på 15 km i VM i Lahti. Dessutan tre andreplassar i verdscupen. 1991: Nr 12 på 10 km i VM i Val di Fiemme. 1992: Nr 3 på 15 km i Lahti.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1980: Nr 5 på 15 km, Asker. Ski-NM 1981: Nr 5 på 15 km, Eidsvoll. Ski-NM 1982: Sølvmedalje på 30 km, Raufoss. Ski-NM 1983: Nr 4 på 15 km på Lillehammer. Ski-NM 1984: Sølvmedalje både på 15 km (slått med 0,4 sekund av Tor Håkon Holte) og på 30 km, Hof. Ski-NM 1985: Nr 12 på 30 km i Tromsø. Ski-NM 1986: Gullmedalje både på 15 km og 50 km, Vang. Ski-NM 1987: Sølvmedalje på 15 km i Steinkjer. Ski-NM 1988: Gullmedalje på 15 km i Vang. Ski-NM 1989: Gullmedalje på 15 km på Geilo. Ski-NM 1991: Nr 4 på 15 km, Misvær. Ski-NM 1992: Nr 8 på 30 km i Lillehammer. Ski-NM 1995: Nr 9 på 15 km i Oslo. Ski-NM 1996: Nr 6 på 50 km i Stryn.

Mikkelsplass var norsk landslagstrenar for menn i langrenn frå 1999 til 2002.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske trenarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Folk frå Nes i Buskerud