Bergen domkyrkje er ei langkyrkje frå rundt 1150 i Bergen i Vestland. Kyrkja er bygd i stein og har sideskip og skrudhus. Ho har vore domkyrkje sidan 1537.
Kyrkja har 615 plassar. Ho er 60,5 m lang og 20,5 m brei. Tårnet er 13 meter breitt medan koret er 13,5 meter breitt.
mini|venstre|Interiør i domkyrkja.
Historie mini|venstre|Sideskipet.
Domkyrkja er bygd på restane av to tidlegare kyrkjer. Den eldste delen, som ein finn i murpartiet under vindauga i nordveggen, er bygd rundt 1150. Denne soknekyrkja, vigd til Olav den heilage, er omtalt i Soga om Kong Sverre.kulturnett.no
Under regjeringstida til Håkon Håkonsson blei det bygd eit fransiskanarkloster litt sør for kyrkja, som blei ein del av dette. Kyrkja brann i 1248 og 1270. Ho kunne brukast på nytt i 1301 etter at Magnus Lagabøte hadde gjeve støtte til gjenreisinga av bygget. Magnus Lagabøte blei også gravlagd i kyrkja.
Kyrkja brann nok ein gong i 1463/64 og låg i ruinar då ho blei domkyrkje i 1537. Kristkyrkja på Holmen i Bergen, som blei riven i 1531, hadde tidlegare vore domkyrkje. Biskop Gjeble Pederson sørgde for å få gjenreist tårnet og reparert skader på bygningen før han døydde i 1557. Dette tårnet var over midtskipet og blei erstatta av tårn i vestenden på 1640-talet, då kyrkja fekk si noverande form. Etter bybrannen i 1702 blei det og utført større restaureringsarbeid, og kyrkja blei ikkje teken i bruk igjen før 1743.
I 1880-83 utførte arkitektane Christie og Blix ei ny større ombygging. Sideskipet blei rive og bygd opp på nytt, med fire gotiske søyler. Ein ønska å gje kyrkja tilbake mellomalderstilen, og fjerna derfor rokokkointeriøret. Domkyrkja fekk også eit nytt alter i kleberstein.
mini|Kanonkula i veggen.
Kyrkja har og eit minne frå Slaget på Bergens våg mellom engelske og hollandske skip i 1665, i form av ei kanonkule som sit fast i veggen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bergen domkirke» frå , den 9. mars 2009.
Litteratur Lidén, Hans-Emil og Magerøy, Ellen Marie, Norges Kirker, Bergen Bind II, Oslo 1983, ISBN 82-05-14299-8 (bd.2) Knudsen, Jacob Frode, Bergen Domkirke 700 år, Bergen 2001
Bakgrunnsstoff
Galleri fra Kunsthistorie.com Kulturnett Hordaland Bergenskartet Kirker i Hordaland
Kategori:Kyrkjer i Bergen Domprosti Kategori:Domkyrkjer i Noreg Kategori:Freda bygg i Vestland Kategori:Kulturminne i Bergen Kategori:Kyrkjer i Bergen Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Turistmål i Bergen Kategori:Valkyrkjer i 1814