Operativmiljø vert innanfor datavitskapen nytta om brukargrensesnittet som brukaren startar og kommuniserer med programvare frå.
Det finst to typar operativmiljø: Ei kommandolinje, der brukaren skriv kommandoar på eit tastatur, og får tilbakemeldingar på ein dataskjerm.
I eldre tekstbaserte operativsystem som t.d CP/M og MS-DOS, starta brukaren programma ved å skrive kommandoer i kommandolinja. Slike operativsystemer vart kalla tekstbaserte, av di oppstart av program skjedde via kommandolinja.
Eit grafisk brukargrensesnitt (skrivebordsmiljø), der brukaren ved hjelp av ei mus eller anna peikereiskap klikker på forskjellige knappar, tekstboksar og informasjonsfelt for å få gjort ting. Slike operativmiljøer er nytta i Linux, Mac OS, Microsoft Windows og andre grafiske operativsystem, men og nettlesarar for web-baserte applikasjonar.
Eit operativmiljø er ikkje det same som eit operativsystem. Windows 1.0 var til dømes eit grafisk brukargrensesnitt til MS-DOS, sjølv om det hadde sitt eige sjølvstendige API.
Kategori:Operativsystem Kategori:Brukargrensesnitt