Sticky Fingers er eit album av The Rolling Stones frå april 1971. Det var det første albumet gjeven ut på gruppa sitt nye plateselskap Rolling Stones Records etter å ha vore knytt til Decca Records i Storbritannia og London Records i USA sidan 1963. Det er òg det første Rolling Stones-albumet der Mick Taylor er med for fullt. I 2003 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone Sticky Fingers på 63. plass på lista over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Innspeling og utgjeving Sjølv om innspelinga av Sticky Fingers først starta for fullt i mars 1970, hadde dei gjort nokre tidlege opptak i Muscle Shoals Studios i Alabama i desember 1969 og «Sister Morphine» vart spelt inn under Let It Bleed-innspelinga tidlegare i mars same år. Det meste av Sticky Fingers vart spelt inn med det mobile studioet til The Rolling Stones i Stargroves om sommaren og hausten 1970. Tidlege utgåver av songar som kom på Exile on Main St. vart òg laga under desse innspelingane.Greenfield, Robert (2006). Exile on Main Street: A Season in Hell with the Rolling Stones, s. 95-96. Da Capo Press. ISBN 0-306-81433-1.
Fri frå Decca/London kunne The Rolling Stones no endeleg ta full kontroll over albuma sine, både plateomslag og alt. Manageren deira Allen Klein (som tok over for Andrew Loog Oldham i 1965, slik at Oldham kunne konsentrere seg om rolla som produsent for bandet) påførte gruppa eit stort sjokk då dei oppdaga at dei uoppmerksamt hadde gjeve han rettane til alle innspelinga deira frå 1960-åra til Klein og selskapet hans ABKCO. Derfor har alle songane deira frå «Come On» til Get Yer Ya-Ya’s Out! The Rolling Stones in Concert vorte gjevne ut på ABKCO Records. Klein fekk sparken som manager og bandet var rasande på Klein i tiåra etterpå.
Då Decca informerte The Rolling Stones at dei var kontraktbelagt til å gje ut ein singel til, sende dei inn ein song dei kalla «Cocksucker Blues»Sanchez, Tony (1996). Up and Down with the Rolling Stones, s. 195. Da Capo Press. ISBN 0-306-80711-4. – som dei var garantert å få avvist. I staden gav Decca ut den to år gamle «Street Fighting Man» frå Beggars Banquet, medan Allen Klein fekk delt eigarskap, i lag med The Rolling Stones, i «Brown Sugar» og «Wild Horses».
Omslag Omslaget til Sticky Fingers, som kom med ein verkeleg glidelås som kunne opnast og syne ein mann i truser. Det var utforma av den amerikanske popkunstnaren Andy Warhol, fotografert av Billy Name og designa av John Pasche. Omslaget, eit bilete av skrittet til Joe Dallesandro kledd i tronge, blå jeans, vart av mange tilhengjarar trudd å vere eit bilete av Mick Jagger. Dette var òg første gong teikninga med tunge og leppe, eit kjent symbol på The Rolling Stones, vart nytta på eit album.
I 2003 kåra fjernsynskanalen VH1 omslaget på Sticky Fingers til det beste plateomslaget gjennom tidene.
Innhald
Medverkande The Rolling Stones Mick Jaggersolovokal , korvokal , akustisk gitar , kastanjettar , maracas , elektrisk gitar , perkusjon Keith Richardselektrisk gitar & korvokal , akustisk gitar Bill Wymanbassgitar , elektrisk piano Charlie Wattstrommer Mick Taylorelektrisk gitar , akustisk gitar
Andre medverkande Paul Buckmasterstrykararrangement Ry Cooderelektrisk gitar Jim Dickinsonpiano Rocky Dijonconga Nicky Hopkinspiano Bobby Keystenorsaksofon Jimmy Millerperkusjon Jack Nitzschepiano Billy Prestonorgel Jim Pricepiano Ian Stewartpiano
Teknisk Glyn Johnslydteknikar Andy Johnslydteknikar Chris Kimseylydteknikar Jimmy Johnsonlydteknikar Doug Saxmastering Andy WarholPlateomslag og fotografi
Salslister
Vekeslister Originalutgåve Liste (1971)PlasseringAustralskeKent Music Report1Kanadiske RPM Albums Chart1Den nederlandske albumlista1Den franske SNEP-listaNote: user must select 'The Rolling Stones' from drop-down.3Den italienske albumlista5Den japanske Oricon-lista9Norske VG-lista1Den spanske albumlista 1Svenske KvällstoppenNote: Kvällstoppen combined sales for albums and singles in the one chart; Sticky Fingers peaked at the number-two on the list, behind «Chirpy Chirpy Cheep Cheep» by Middle of the Road.1UK Albums Chart1US Billboard 2001Den vesttyske Media Control-lista1 2015-utgåva ListePlasseringFrench Albums (Den franske SNEP-lista) Chart11US Billboard 2005US Billboard 200 (Super Deluxe Edition)65
Årslister Liste (1971)PlasseringDen australske albumlista18Den nederlandske albumlista1Den franske albumlista24Den italienske albumlista21UK Albums Chart3US Billboard 20021
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sticky Fingers» frå , den 3. mars 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Album på toppen av VG-lista Kategori:Album produserte av Jimmy Miller Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Rolling Stones Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Album spelte inn i Trident Studios Kategori:Nummer-ein-album i Australia Kategori:Nummer-ein-album i Canada Kategori:Nummer-ein-album i Nederland Kategori:Nummer-ein-album i Spania Kategori:Nummer-ein-album i Sverige Kategori:Nummer-ein-album i USA Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland 063 104