Eldrid Lunden () er ein norsk lyrikar og professor i skrivekunst.
Ho er utdanna cand. philol. frå Universitetet i Oslo 1973, hovudoppgåva hennar i nordisk heitte Kvar gjekk Nora? : individualisme og kvinnesyn i tre norske drama. På 60-talet var ho del av Profil-krinsen, ei tid var ho også redaksjonsmedlem i Profil. Ho var med å starta opp forfattarstudiet ved Høgskolen i Telemark, Bø i Telemark, frå 1982 var ho hovudlærar der, og i 1996 vart ho den fyrste professoren i skrivekunst i Noreg.
Forfattardebuten kom i 1968 med diktsamlinga f.eks. juli. Ho vert rekna som ein av våre fremste lyrikarar.
Prisar og utmerkingar
1982 - Nynorsk litteraturpris for Gjenkjennelsen 1984 - Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond 1989 - Doblougprisen 1992 - Aschehougprisen 1997 - Melsom-prisen 1997 - Nominert til Nordisk Råds litteraturpris for Slik sett 2000 - Amalie Skram-prisen 2000 - Brageprisen: heidersprisen 2005 - Mads Wiel Nygaards legat 2007 - Halldis Moren Vesaas-prisen 2016 - Bjørg Vik-prisen 2016 - Utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. 2021 - Svenska Akademiens nordiske pris
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder
Bakgrunnsstoff Om Eldrid Lunden i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane Om Eldrid Lunden i Allkunne
Kategori:Kvinnelege forfattarar frå 1900-talet Kategori:Kvinnelege forfattarar frå 2000-talet Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vinnarar av Amalie Skram-prisen Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Vinnarar av Nynorsk litteraturpris Kategori:Forfattarar frå Naustdal Kategori:Vinnarar av Aschehougprisen Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1968 Kategori:Folk frå Naustdal Kategori:Nynorskforfattarar