Åsne Seierstad () er ein norsk journalist og forfattar. Ho er utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga russisk, spansk og idéhistorie. Ho har vore utanrikskorrespondent i Russland og Kina, krigskorrespondent i Kosovo i 1999 og seinare i Afghanistan. Ho vart kjend for si rolle som krigsreportar i Irak under britisk- amerikanske invasjonen i 2003.

Seierstad har gjeve ut bøkene Med ryggen mot verden (2000), Bokhandleren i Kabul (2002), Hundre og en dag (2003) og De krenkede (2007). Bokhandleren i Kabul er skrive etter metoden «deltakande observerande intervju». Metoden gjev djup innsikt i intervjuobjektet.

Utmerkingar

Seierstad vart i 2001 tildelt Fritt Ords honnør for uredde og sjølvstendige reportasjar frå krigsområde. I 2002 fekk ho Bokhandlarprisen for Bokhandleren i Kabul I 2003 fekk ho Den Store Journalistprisen. I 2003 vart ho tildelt Peer Gynt-prisen. 2016 – Brageprisen: for To søstre

Kjelder

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske journalistar Kategori:Mottakarar av Fritt Ords honnør Kategori:Vinnarar av Brageprisen Kategori:NRK-journalistar Kategori:Forfattarar frå Oslo