Dr. Fathi Arafat (fødd 1933 i Jerusalem, død 1. desember 2004) var president i palestinarane sin Raude Halvmåne frå 1978 og fram til han døydde, og var ein yngre bror av Yasir Arafat.
Gjennom leiarstillinga si i Raude Halvmåne var han også fungerande helseminister for palestinske flyktningar som lever utanfor Gaza og Vestbreidda. Fathi var utdanna innan medisin ved universitetet i Kairo, og tok eksamen der i 1957. I 1998 vart han æresdoktor (Honorary Doctorate of Science) ved det internasjonale universitetet i Sri Lanka.
Andre verv Medlem av Det palestinske nasjonalrådet (PNC) frå 1967. Hovuddelegat ved WHO sin årlege World Health Assembly i Genève frå 1982. President i Palestine Higher Council of Health (PCH) frå 1992. President i Palestine Academy for Science and Technology (tidlegare Palestine Academy for Scientific Research) frå 1992.
Han døydde av magekreft på eit sjukehus i Kairo.
Bakgrunnsstoff Dr. Fathi Arafat sin CV ved Palestine Academy for Science & Technology
Kategori:Fødde i 1933 Kategori:Døde den 1. desember Kategori:Døde i 2004 Kategori:Palestinske legar