«I’ve Got a Feeling» er ein song av The Beatles på albumet Let It Be frå 1970. Songen er skriven av John Lennon og Paul McCartney og er sydd saman av to songar, McCartney sin «I’ve Got a Feeling» og John Lennon sin «Everybody had a Hard Year».
McCartney-songen vart skriven for den nye kjærasten hans, Linda Eastman, som han snart kom til å gifte seg med og teksten uttrykker at ho er den kvinna han alltid har vore på jakt etter. Lennon-songen startar kvar einaste linje med «everybody» (alle). Medan McCartney-songen er optimistisk hadde Lennon verkeleg hatt eit hardt år: Han hadde skilt seg frå den første kona si, Cynthia Powell, den nye kjærasten Yoko Ono hadde hatt ein spontanabort og han vart sjølv arrestert for å oppbevare narkotika.
I filmen Let It Be påstår Lennon at han skreiv «Everybody had a Hard Year» natta før, men det finst eit filmopptak frå BBC frå 1968 der han syng ein tidleg versjon av songen, medan han spelar akustisk gitar i heimen sin i Ascot.
Medverkande Paul McCartney – bassgitar, solovokal John Lennon – rytmegitar, solovokal George Harrison – sologitar Ringo Starr – trommer Billy Preston – elektrisk piano Personell per Ian MacDonald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I've Got a Feeling» frå , den 12. februar 2009. oppgav desse kjeldene: Turner, Steve. A Hard Day's Write: The Stories Behind Every Beatles' Song, Harper, New York: 1994
Bakgrunnsstoff Alan W. Pollack om «I've Got a Feeling»
Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Songar produserte av Phil Spector Kategori:Laibach-songar Kategori:Pearl Jam-songar