Kusjva (russisk Кушва) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Byen ligg i Uralfjella, rundt 170 km nord-nordaust for Jekaterinburg.

Staden vart opphavleg grunnlagd i 1735 som ein busetnad ved ei gruve ved Blagodat-fjellet, for å utforske førekomstane av jernmalm i området. Han fekk bystatus i 1926 og byen fekk samstundes endra namn frå Kusjvinskij Zavod (tyder «Kusjvafabrikken») til Kusjva.

Byen er for tida i stagnasjon og folketalet minkar etter at dei fleste gruvene er lagt ned.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1735