Mikhajlovsk (russisk Миха́йловск) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland med om lag 10 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Serga, like før ho munner ut i Ufa, 100 km sørvest for Jekaterinburg.

Byen vart grunnlagd i 1805 som Mikhajlovskij Zavod (russisk: Миха́йловский Заво́д). Han fekk bystatus i 1961 og byen fekk samstundes nytt namn, Mikhajlovsk.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mikhajlovsk (Sverdlovsk oblast)» frå , den 21. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1805