Ein sjakktittel er ein tittel sjakkspelarar blir tildelt av Verdssjakkforbundet FIDE og tilknytte organisasjonar for sjakkprestasjonar. Titlane er livsvarige.
Sjakktitlar for prestasjonar i nærsjakk
Dei mest kjende titlane gjeld prestasjonar i sjakkspeling over bordet, nærsjakk, der resultat i internasjonale eller nasjonale sjakkturneringar kan kvalifisere for titlane.
Den mest kjende tittelen er Stormeister i sjakk. Det er no vel 1200 stormeistrar i sjakk i verda. Av desse er 10 frå Noreg.
Her er 4 titlar i nærsjakk som både menn og kvinner kan få, med kravet til eigen FIDE-rating i parantes:
Stormeister i sjakk (GM) rating 2500 Internasjonal Meister i sjakk (IM) rating 2400 FIDE-meister i sjakk (FM) rating 2300 Kandidatmeister i sjakk (CM) rating 2200
Eigne kvinnetitlar Det har tradisjonelt vore langt færre kvinner enn menn som har spelt sjakk, noko som i si tid medførte at det vart innført eigne kvinnetitlar, med noko lågare kvalifikasjonskrav. Nyare forsking som tok for seg dei 120.000 medlemmane i det tyske sjakkforbundet, og der det er 16 menn pr kvinne, viser at når så relativt få kvinner blir svært gode til å spele sjakk, så er det fordi det er så få kvinner som spelar sjakk.Ein studie frå Universitet i Oxford
Dei beste kvinnelege spelarane i verda er no stormeistrar, ein tittel som lenge berre menn hadde. Judit Polgar frå Ungarn har vore rangert blant dei 10 beste spelarane i verda, og var blant dei 8 finalistane som spelte VM-turnering i San Luis i Argentina i 2005.
Her er såleis 4 tilsvarande titlar som berre kvinner kan få:
Kvinne-stormeister i sjakk (WGM) rating 2300 Kvinne-IM i sjakk (IM) rating 2200 Kvinne-FM i sjakk (FM) rating 2100 Kvinne-CM i sjakk (CM) rating 2000
Titlar innan fjernsjakk Det internasjonale fjernsjakkforbundet (ICCF) delar ut tilsvarande titlar for prestasjonar i fjernsjakk-turneringar, fjernsjakktitlar: Internasjonal fjernsjakkstormeister Senior Internasjonal Meister i fjernsjakk Internasjonal Meister i fjernsjakk.
Andre sjakktitlar Det blir delt ut tilsvarande titlar for dei som har laga mange vakre sjakkproblem, og for dei som gjer sterke prestasjonar i konkurransar i å løyse sjakkproblem.
Det blir også delt ut andre titlar, som titlar for internasjonale turneringsleiarar (sjakkdommarar) og for dei som organiserer internasjonale sjakkturneringar.
Bakgrunnsstoff FIDE sine heimesider - tittelkrav
Fotnotar
Kategori:Sjakk Kategori:Sjakktitlar Kategori:Titlar