Leif Østby ()Hvem Hva Hvor 1990 side 127 Årets døde var ein norsk kunsthistorikar. Han vart cand.philol. i 1933 og var lektor frå 1934 til etter den andre verdskrigen. I 1946 vart han konservator ved Nasjonalgalleriet, tre år seinare førstekonservator, ei stilling han hadde til 1973. Han var medarbeidar i Kunst og Kultur frå 1955, og var redaktør av tidsskriftet frå 1962 til 1980.

Bibliografi Leif Østby var forfattar og gav ut fleire bøker om kunst og kunstnarar. I 1985 fekk han Det Norske Akademis Pris til minne om Thorleif Dahl. Prisen vert gjeve for framifrå skjønnlitterært eller faglitterært forfattarskap på riksmål.

Fra naturalisme til nyromantikk 1934 Norske portretter 1935 Norges kunsthistorie 1938, kom i ei rekke utgåver Norges billedkunst i det nittende og tyvende århundre, bind 1 1951 saman med Henning Alsvik Gyldendals leksikon over moderne nordisk kunst (norsk redaktør) 1958 Norsk tegnekunst i Nasjonalgalleriet 1963 Verdens kunsthistorie 1963 saman med Ragna Thiis Stang Med kunstnarauge - norsk natur og folkeliv i billedkunsten 1969 Østfold i billedkunsten 1980 ISBN 978-82-7412-009-9

I tillegg til desse bøkene skreiv han fleire katalogar over Nasjonalgalleriets kunst. Han skreiv òg bøker om kunstnarane Harald Sohlberg, Hjalmar Haalke, J.C. Dahl, Theodor Kittelsen og Fridtjof Nansen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Leif Østby» frå , den 21. januar 2009. oppgav desse kjeldene: Store Norske Leksikon 1981 sin artikkel om Leif Østby.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske kunsthistorikarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Folk frå Sarpsborg