Lasse er eit mannsnamn, ei kort form av det latinske namnet Laurentius , og tyder (mann) 'frå Laurentum ' .
Lasse har i Noreg namnedag 10. august.
Bruken av namnet i Noreg Namnet er kjend i Noreg sidan 1300-talet. I dag er namnet vanleg som kallenamn for gutar som heiter Lars, somer eit nyare namn i Noreg. Det kan vere fleire som har bruka eller som brukar namnet enn det som går fram av statistikken. I folketeljinga frå 1801 var 519 listeførte med namnet Lasse, flest i Sogn og Fjordane I 1900 var 509 listeførte med dette namnet, også då flest i Sogn og Fjordane. I 2008 har 5271 menn Lasse til første fornamn.
Kjende namneberarar Lasse Ellingsen (1825-1905), norsk stortingsmann Lasse Kolstad (f. 1922), norsk skodespelar og songar Lasse Lindtner (f. 1955), norsk skodespelar Lasse Myrvold (1953-2006), norsk musikar Lasse Kjus (f. 1971), norsk alpinist Lasse Ottesen (f. 1974), norsk skihoppar Lasse Sætre (f. 1974), norsk skeiseløpar
Annan bruk
Lasse & Geir er ein norsk spelefilm frå 1975. Lassefjellet er eit fjell i Alta kommune.
Sjå òg
Folketeljingar i Digitalarkivet
Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av latinsk opphav