Totland kyrkje, tidlegare Totland kapell, står på Totland ved Bryggja i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1912.

Arkitektar for bygget, som har sitjeplassar til 250 personar, var Lars Sølvberg og Jens Sølvberg. Kyrkja er dekorert innvendig med utskjeringar og rosemåling av Lars Kinsarvik.

Frå starten til 1953 hadde gudshuset status som kapell i Rugsund sokn. Det året vart so Totland skild ut som eige sokn i Davik prestegjeld. I 1967 vart Totland sokn overført frå Davik til Vågsøy prestegjeld. Totland sokn vart nedlagd att i 2002, for då vart sokna i Vågsøy prestegjeld ihopslegne til eitt sams sokn som heiter Vågsøy sokn.

Før dei fekk kyrkje på Totland sokna folk på nordsida av Nordfjorden i Davik prestegjeld til Rugsund kyrkje.

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Vågsøy sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Totland kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Vågsøy kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Lars Kinsarvik Kategori:Lars Sølvberg Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Kyrkjer i Stad Kategori:Kyrkjer i Nordfjord prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1912 Kategori:Kulturminne i Stad