Dimitrovgrad (russisk Димитровгра́д) er ein by i Uljanovsk oblast i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Melekes, ei sideelv til Bolsjoj Tsjeremsjan, rundt 80 km aust for Uljanovsk.

Busetnaden vart grunnlagd i 1698 for arbeidarar ved det lokale destilleriet, som vart lagt ned i 1848. Han var formelt ein landsby til 1919. I 1897 var innbyggjartalet 8 500. Byen heitte Melekess etter byelva til 1972, då han vart omdøypt til Dimitrovgrad, etter den bulgarske kommunisten Georgi Dimitrov.

Næringslivet i Dimitrovgrad omfattar ein bildelprodusent (forgasserar og drivstoffpumper), ein teppeprodusent og ein produsent av kjemisk prosessutstyr. Den viktigaste verksemda i byen er Det føderale kjernefysiske forskningssenteret.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dimitrovgrad i Russland» frå , den 5. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1698