Kislovodsk (russisk Кислово́дск) er ein by i Stavropol kraj i Russland. Han ligg 900 moh i Nord-Kaukasus, omtrent midt mellom Svartehavet og Kaspihavet, rundt 140 km søraust for Stavropol. Han har om lag 125 000 innbyggjarar.

Kislovodsk (tyder 'surt vatn') er kjend for kurbada som ligg rundt byen og er kalla opp etter dei mange mineralvasskjeldene.

Byen er òg kjent fordi Josef Stalin etter sigande skal ha hatt hemmelege møte med stabsmenn i denne byen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kislovodsk» frå , den 5. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1803