Hanne er eit kvinnenamn danna som ei kortform av Johanne eller som ein variant av Hanna. Begge namna har tydingar knytt til nåde.
Namnet er særs utbreidd i Danmark, der det var det tredje mest brukte blant alle kvinner i 2007. Det blei særleg mykje gjeve til jenter fødde på 1940- og 1950-talet. I Noreg var namnet blant dei mest gjevne i tida 1960–1990.
Kjende namneberarar Hanne Darboven (f. 1941), tysk kunstnar Hanne Bakke von Clemm (f. 1946), ordførar i Gjerdrum Hanne Aga (f. 1947), norsk diktar Hanne Krogh (f. 1956), norsk songar og tekstforfattar Hanne Boel (f. 1957), dansk musikar Hanne Bjurstrøm (f. 1960), norsk politikar (Ap) Hanne Hegh (f. 1960), norsk handballspelar Hanne Harlem (f. 1964), norsk jurist og politikar Hanne Grasmo (f. 1966), redaktør i Cupido Hanne Haugland (f. 1967), norsk høgdehoppar Hanne Ørstavik (f. 1969), norsk forfattar Hanne Myren (f. 1973), norsk filmregissør Hanne Hukkelberg (f. 1979), norsk musikar Hanne Sørvaag (f. 1979), norsk MGP-deltakar og tekstforfattar Hanne Bergheim (f. 1986), norsk musikar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hanne» frå , den 5. januar 2009.
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av hebraisk opphav Kategori:Namn knytte til Bibelen