Pervouralsk (russisk Первоура́льск) er ein by i Sverdlovsk oblast i Russland. Byen ligg ved elva Tsjusovaja, ei sideelv til Kama, rundt 40 km vest for Jekaterinburg, og har om lag 110 000 innbyggjarar.

Historie Soga til Pervouralsk startar i 1730 då Vasilij Demidov starta bygginga av eit jernverk på staden. Rundt fabrikken vart det i 1732 grunnlagt ein busetnad kalla Vasiljevsko-Sjajtanskij (russisk Васильевско-Шайтанский). I 1933 fekk busetnaden bystatus og endra samstundes namn til Pervouralsk, som tyder 'den første i Ural'.

Næringsliv Pervouralsk har nest etter Jekaterinburg den raskast veksande økonomien i Sverdlovsk oblast, med ein årleg vekst i industriproduksjonen på 25–30 % og ein årleg omsetnadvekst i detaljhandelen på 20 %. Som følgje av dette er arbeidsløysa i byen særs låg, rundt 1 % og talet på ledige stillingar har vore høgare enn talet på arbeidsledige. Den største arbeidsgjevaren i byen er røyrprodusenten Pervouralskij Novotrubnyj Works.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pervouralsk» frå , den 4. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1732