mini|Sanking av manna. Illustrasjon frå Augsburger Wunderzeichenbuch frå 1500-talet. Manna er i følgje Andre mosebok, sekstande kapittel, ein mat Gud gav israelittane å ete medan dei gjekk i ørkenen etter utferda frå Egypt. Det kan også visa til ei søt plantesaft, særleg ei utvunne frå mannaask. Manna er avleidd frå hebraisk man, 'gåve', via arameisk og gresk.

mini|venstre|Peter Paul Rubens: Manna

I følgje Bibelen var maten israelittane kalla «manna» «kvitt som korianderfrø og smaka som honningkake».2. Mos. 16,31 Det låg som fint rim på marka om morgonen, og dei kunne sanke det i store mengder, men om dei lét noko av det dei hadde sanka vere att til morgons, gjekk det makk i det, og det lukta vondt. 2. Mos. 16,20

Manna er forklart som plantesaft frå tamariskar som veks på Sinaihalvøya, spesielt Tamarix mannifera, ein variant av Tamarix gallica. Plantesafta storknar til søte, velsmakande kuler.Ordforklaring i Bibelen, utg. ved Det Norske Bibelselskap 1978 Men den planesafta folk i dag kan finne i Sainaiørkenen er ikkje heilt slik Bibelen skildrar mannaen israellittane fekk å ete i ørkenen, så fenomenet er òg forklart på andre måtar, herunder som eit Guds under.Catholic Encyclopedia - Manna

I Johannes' openberring vert kyrkjelyden i stilt i utsikt å få ete av «den løynde manna»,Op. 2,17 kanskje eit symbol på lukka i Paradis.

Referansar

Kategori:Det gamle testamentet Kategori:Mat Kategori:Hebraiske ord og uttrykk