Komsomolsk-na-Amure (russisk Комсомо́льск-на-Аму́ре) er ein by i Khabarovsk kraj i Russland. Han ligg på venstresida av elva Amur, rundt 356 km nordaust for Khabarovsk, og ved BAM-jernbanen. Byen har om lag 230 000 innbyggjarar.
På kinesisk vert byen kalla Gongqing Cheng (共青城), direkte omsett som «Komsomolbyen». Området låg opphavleg i keisardømet Kina, men kom under russisk overhøgd etter Aigun-traktaten i 1858.
Landsbyen Permskoje (russisk skrift Пе́рмское) vart grunnlagd i 1860 av innflytta småbønder frå Perm gubernija. I 1932 vart det bygt tungindustrifabrikkar på staden, landsbyen fekk bystatus og namnet vart endra til Komsomolsk-na-Amure, sidan han vart grunnlagt som industrielt senter av den kommunistiske ungdomsorganisasjonen Komsomol.
I løpet av 1900-talet utvikla byen seg til eit regionalt senter for industriar som metallurgi, maskinbygging, oljeraffinering og skipsbygging. Flyprodusenten Sukhoi har store fabrikkar i byen. Khurba flybase ligg sør for byen og Dzemgi flybase ligg i nord.
Kjende personar frå Komsomolsk-na-Amure Valerij Rjumin, sovjetisk kosmonaut Jurij Tsjaika, politikar Julija Tsjepalova, skiløpar og olympisk meister.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Komsomolsk-na-Amure» frå , den 30. november 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1932