mini|Fordson N (1929–1945) i arbeid i 1940.

Soga om utviklinga av traktoren strekkjer seg tilbake til 1800-talet. Dei fyrste traktorane var dampdrivne, men denne artikkelen tek berre for seg soga om utviklinga av traktorar med intern forbrenningsmotor.

Tidsline Før 1900 Den fyrste traktoren med forbrenningsmotor med innvendig forbrenning vart laga av Charter Charter Gas Engine Co. i Sterling i Illinois i USA i 1889Gray, R.B., The agricultural tractor 1855-1950, American Society of Agricultural Engineers., 1975.. Han vart bygd ved å montera ein einsylindra stasjonærmotor på ei stålramme, saman med eit drivverk henta frå ein Rumbely damplokomobil. Andre tidlege traktorar med forbrenningsmotor var: 1892: John Froehlich, i Iowa i USA, som sette ein van Duzen stasjonærmotor på ei ramme frå ein Robinson damptraktor. Same året bygde J.I. Case Threshing Mashine Co., i Wisconsin i USA, ein prototype, med ein Patterson-motor. 1893: Hocket i USA bygde ein traktor. 1894: Van Duzen Gas & Gasoline Engine Company, i Cincinnati i Ohio i USA og Altmann i Tyskland Bach, M., Die berühmtesten deutsche Traktoren aller zeiten, Verlag Podszun-Motorbücher, 1994.. 1896: Otto Gas Engine Works i Philadelphia, USA, som var ein filial til Deutz Gasmotorenfabrik AG i Tyskland bygde ein traktor. Lambert i USA produserte ein traktor. Rchard Hornsby & Son i Grantham i Storbritannia laga historias fyrste traktor med glødehovudmotor, som Herbert Akroyd Stuart hadde fått patent på i 1891. Otto Gas Engine Co. starta produksjon av ein ny modell, som vart produsert heilt til 1914. 1898: Huber Mfg. Co. i Marion, Ohio, USA, kjøpte rettane til van Duzen og starta å produsera ein liknande traktor . 1899: Morton, i USA, laga ein traktor. Seinare leverte Morton ramme og drivverk, utan motor til andre produsentar. Desse monterte så sin eigen motor på ramma. Drivverket hadde friksjonskopling og motoren vart flytta att og fram på ramma for å kopla framdrifta til eller frå. Morton selde seinare rettane til konstruksjonen sin til Ohio Manufacturing Company Lefflingwell, R., International Harvester tractors, Motobools International, 2004.. 1900: James P. Petter & Sons, i Storbritannia, laga ein traktor som gjekk på parafin, men som i byggemåte minte mykje om ein damplokomobil. I Frankrike bygde de Souza ein traktor med ein motor på seks hk Cherouvrier, J. og Noulin, J., Tracteurs du monde de 1853 à nous jours, 2. utg., ETAI, 2004..

Traktorane som vart laga fram til 1900 hadde alle ein stasjonærmotor plassert på ei ramme og minte mykje om dei tidlegare damptraktorane. Dei vart styrte ved at heile framakselen vart svinga ved hjelp av kjettingar. Truleg høvde dei best som drivkjelder for treskeverk og mange vart nytta nettopp til det.

1900-åra mini|Traktor (Ivel) med slepeplog. mini|Saundersom model G. Rett etter hundreårsskiftet dukka det opp eit par nye produsentar i Storbritannia, som begge laga mindre og meir lettmanøvrerte traktorar. Den eine var Ivel, som i 1902 starta produksjon av ein traktor på berre 1689 kg og med ei motoreffekt på 24 hk Moffitt, J., The Ivel story, Japonica Press, 2003.. Traktoren hadde to drivhjul bak og eit framhjul, som vart styrt med kjedeoverføring frå eit ratt. Denne traktoren vart nytta med hestereiskap, som plogar, horver, osb. og gjorde godt arbeid. Den fyrste traktoren i Noreg var ein Ivel og vart importert av Isach Coldevin på garden Dønnes i Nordland i 1908 Jensen, A., Veterantraktorer i Norge, Landbruksforlaget, 2000.. Dei fyrste traktorane i Danmark og Sverige skal ha vore av same typen, men dei kom i 1905.

Den andre produsenten var Saunderson, som i 1905 tok til å produsera ein traktor med to framhjul og eit bakhjul, med drift på alle tre hjula. Denne traktoren, som hadde ei motoreffekt på rundt 30 hk, var meir komplisert enn Ivel, men Saunderson kom med mange andre modellar og var i fleire år den dominerande traktorprodusenten i England. Desse skilde seg frå dei nordamerikanske traktorane ved at dei var mindre og lettare å manøvrera. Marshall var ein annan engelsk produsent som kom til i denne perioden. Det tyske føretaket Deutz laga to prototypar i 1907, men dei vart ikkje sett i produksjon. I Frankrike starta Tourand produksjon av ein traktor med løftbar plog , som i røynda var eit tidleg døme på ein motorplog.

Dei engelskproduserte traktorane fekk ikkje så stor utbreiing i jordbruket i Storbritannia i denne perioden. Dei konservative gardbrukarane viste liten vilje til å bytta ut hestane med mekaniske innretningar som dei ikkje skjøna seg på. Mykje av produksjonen gjekk difor til eksport, til Australia og andre koloniar.

Den franske traktoren Gougis, frå 1906, var den fyrste traktoren i historia som var utstyrt med effektuttak via ein aksling, i staden for reimskive. Effektuttaket vart mellom anna nytta til å driva sjølvbindarar .

I USA skjedde det òg ei utvikling etter hundreårsskiftet. Det dukka opp mange nye produsentar, men nokre få dominerte marknaden. Nokre av dei mest kjente var Hart Parr, som laga den fyrste traktoren i 1902 og International Harvester, som laga den fyrste traktoren i 1906. Den fyrste traktoren til International var eit Morton-chassi som dei kjøpte frå Ohio Manufacturing Company og sette sin eigen stasjonærmotor på. International Harvester vidareutvikla denne konstruksjonen og kunne etter kvart tilby ulike modellar. Andre kjente produsentar frå denne perioden var Gas Traction Co., Russell og Avery.

Utviklinga i Nord-Amerika i denne perioden gjekk mot større og kraftigare traktorar, som fyrst og fremst vart nytta for å pløya opp prærien i midtvesten. Dei køyrde stort sett rett fram, så det at dei var tunge å manøvrera var mindre til hinder enn i Europa. Motorane var bensinmotorar med frå ein til fire sylindrar. Med unnatak av arbeidet på præriane fekk dei lite eller inga betyding for jordbruket.

1910-åra mini|høgre|International Harvester. mini|Avely frå ca. 1916. mini|Saunderson Universal G (1916 - ca. 1930). mini|høgre|Avance-Rumley 12-20 Oil-Pull, frå 1919. mini|Turner Simplicity frå 1919. Dei fyrste åra etter 1910 var det i Nord-Amerika at bruken av traktorar auka mest. Mange nye produsentar kom til og traktorane vart stadig større. I tillegg til dei etablerte produsentane kom det mange nye produsentar til, som Rumbley, Pioner, Nickhols-Shephard, Minneapolis Steel and Machinery Company (kjent som Twin City), og so vidare. J.I. Case Threshing Mashine Co., som hadde laga ein prototype i 1892, tok òg til å produsera traktorar i 1911. Fleire nye traktorar i denne perioden gjekk på parafin, som var billegare enn bensin. Denne overgangen var ikkje heilt problemfri: effekten vart lågare og parafinen hadde ein tendens til å blanda seg med smøreolja om motoren hadde oljesump.

I Europa tok fleire føretak til å laga sokalla «motorplogar», som i staden for å slepa plogen etter ein kjetting hadde han integrert med traktoren. I Tyskland laga Stock, Opel og Komnick motorplogar, i Italia Moto Aratrice, i Austerrike Hofherr-Schrantz-Clayton-Schuttleworth. Den fyrste svenske traktoren, som kom på marknaden i 1912, var òg ein motorplog. Han hadde glødehovudmotor og vart produsert av J.V. Svendsons Motorfabrikk. Forutan pløying var drift av treskeverk den viktigaste oppgåve til traktorane på denne tida, så mange såg ikkje noka stor ulempe med at plogen var bygd saman med traktoren.

Men ikkje alle europeiske traktorar frå denne perioden var motorplogar. Som døme på «konvensjonelle» traktorar kan ein nemna den russiskbygde Mamin frå 1912 og dei svenske Munktells Type 20-30 frå 1913 og Munktells Type 20-24, som alle hadde glødehovudmotorar. I Frankrike tok de Mesmay til å produsera ein firehjulsdriven traktor, med mindre framhjul enn bakhjul.

I 1913 introduserte Wallis Tractor Company den fyrste traktoren i historia utan ramme. I staden for ramme hadde Wallis Cub ein berande U-profil som var valsa ut av kjelestål, som motoren og girkassen var bolta til. Med unnatak av den siste utvekslinga til drivhjula var heile drivverket innkapsla og gjekk i oljebad. I 1915 kom Wallis Cub Junior, der den siste utvekslinga òg var innkapsla. Denne konstruksjonen tente som mal for blokkbygde traktorar, som Fordson F, som kom i 1917, den finske traktoren Kullervo, som kom i 1918, og so vidare.

I tillegg til dei store prærietraktorane, kom det òg mange mindre traktorar på marknaden i denne perioden. International Harvester Mogul 8-16 og Allis-Chalmers 10-18, som begge kom i 1914, var mellom desse. Andre kjente «småtraktorar» var Bull frå 1913, Happy Farmer frå 1915 og Waterloo Boy frå 1916. På denne tida var det ikkje semje om kva som var den beste byggemåten og det dukka opp mange rare framtoningar. Ein type hadde eit stort drivhjul bak og to mindre framhjul, som styrte og heldt balansen. Ein grunn til at denne byggemåten fekk ei viss utbreiing var at når det var berre eit drivhjul trong ein ikkje differensial, så prisen vart lågare. Men sjølv med stor sporvidd på framakselen var stabiliteten ikkje den beste og nokre produsentar, som til dømes Bull nytta to bakhjul og eit framhjul, men berre eit av bakhjula hadde drift. Denne byggemåten vart gradvis mindre utbreidd utover mot 1920, men nokre føretak heldt fram med å laga slike traktorar noko inn på 1920-talet.

I 1917 tok produksjonen av Fordson F til, men den britiske regjeringa kjøpe dei 6000 fyrste traktorane, så han vart ikkje allment tilgjengeleg før i 1918. På same vis som Wallis Cub hadde ikkje Fordson F ramme, men motor, girkasse og bakaksel var bolta saman til ei stiv eining. I tillegg til ein moderne konstruksjon vart Fordson F produsert på samleband og var difor mykje billigare enn konkurrerande traktorar. For å halda prisen låg var han òg svært enkelt utstyrt. Dei fyrste versjonane hadde ikkje ein gong skjermar.

Det vart importert nokre traktorar til Noreg i perioden 1912 til 1923 , men det vart eit opphald under 1. verdskrig. Etter krigen tok importen seg opp og mange ulike traktorar vart importerte. International Harvester Mogul 10-20 og den svenske motorplogen Malcus var mellom desse , men mange andre merke var òg representerte.

1920-åra mini|høgre|Fordson F (1917–1928) i arbeid. mini|høgre|Deutz MTH 222 (1927–1930). I dei fyrste åra etter 1. verdskrig var det stor etterspurnad etter traktorar, men ut på 1920-talet vart det dårlegare lønsemd i jordbruket og traktorsalet gjekk treigare. Mange produsentar gjekk konkurs og andre vart overtekne av tidlegare konkurrentar. Særleg ille gjekk det føretak som produserte store prærietraktorar i USA, som vart utkonkurrerte av mindre og meir moderne traktorar.

Då Fordson F kom på marknaden i 1918 var han ein av dei mest moderne traktorane på marknaden. På denne tida vart dei fleste traktorane handlaga, medan Fordson F var masseprodusert i ein samlebandsfabrikk og vart seld mykje billigare enn konkurrerande traktorar. Dette førte til at mange konkurrentar ikkje fekk seld traktorane sine og gjekk konkurs eller var overtekne av andre. Men Fordson F var ikkje utan lyte og mange dyrare traktorar klarte seg i konkurransen. Nokre store føretak, som International Harvester, hadde økonomisk ryggrad til å ta opp konkurransen med Fordson og senka prisane på produkta sine. Ein annan faktor var at Fordson F ikkje vart oppdatert, så noko ut i tiåret held han på å verta gamaldags og salet gjekk treigare. I 1928 var produksjonen av Fordson F lagt ned i Nord-Amerika og det vart starta produksjon av ein noko oppdatert modell, Fordson N, i Cork i Eire. Det totale produksjonsvolumet i perioden 1917 til 1928 var på over ¾ million einingar, noko som langt overgjekk alle andre produsentar. I tillegg til vanleg sal fekk Fordson nokre store ordrar: i tillegg til at den britiske regjeringa kjøpte dei fyrste 6000 traktorane som vart produserte bestilte den sovjetiske regjeringa 25000 traktorar i 1925.