mini|Gamal byste av det franske nasjonalsymbolet Marianne i det franske Senatet (ukjend kunstnar). Marianne eller Mariann (sjå òg Mari og Anne) er eit kvinnenamn med fleire moglege kjelder. Kanskje er det ei fransk form av det latinske namnet Mariana, som tyder kvinne og kvinneleg.
Lenger tilbake i tida kan det hebraiske namnet Mariamne. I bibelen bar kona til Herodes dette namnet. Det kan òg vere ein sideform av det hebraiske namnet Mirjam (arameisk: Mariam). Det kan vidare komme ifrå Mariana, ein hokjønnsform av det latinske mannsnamnet Marianus (frå slektsnamnet Marius). Marianne vart eitt motenamn i Frankrike på 1700-talet og var der ein diminutivform av Marie. Det kom seinare til å bli oppfatta som ein samansetting av Marie og Anne.
Marianne har norsk namnedag den 4. april.
Det franske nasjonalsymbolet
thumb|La Liberté guidant le peuple, Fridomen leier folket av Eugène Delacroix. Fridomen er i dette måleriet personifisert som Marianne, det franske nasjonalsymbolet, som med det franske flagget i handa leiar folket i fridomskampen. Etter den franske revolusjonen vart Marianne eit symbol for den franske republikken. Ho vart avbilda som ei ung bondejente eller jente av folket, og symboliserte den fridomen for alle som vart uttrykt med orda Liberté, égalité, fraternité (Fridom, likskap, brorskap).
Utbreiing Tabellen nedanfor gjev ei oversikt over populariteten til namnet Marianne i nokre land der statistikk har vore tilgjengeleg. Land Mellom befolkninga i landet Mellom nyfødde Tal Prosent Rangering Tal Prosent Rangering SverigeStatistikk for namn i Sverige (svensk) (2006) 14. (2006) (> 99.) DanmarkDanmark Statistik (dansk) (2007) 12. (2005) (> 50.) Finland[url=http://192.49.222.187/Nimipalvelu/default.asp?L=2 Befolkningsregistercentralen] (svensk) (2007) - (2005) (> 69.) Noreg[url=http://www.ssb.no/navn/ Statistisk sentralbyrå] (2006) 14. (2006) 239. Tyskland[url=http://www.beliebte-vornamen.de/beliebte.htm Knud Bielefeld] (tysk) (1890–2007) 46. (2006) (> 200.) BelgiaFOD Economie Statistikk for namn i Belgia (nederlandsk/fransk) (2002) 87. (2000) (> 100.) FrankrikeLe Journal des Femmes L'encyclopédie des prénoms (fransk) (2004) 173. (2004) 292. USA[url=http://www.ssa.gov/OACT/babynames/ Social Security Administration; Popular Baby Names] (engelsk)Name Statistics(engelsk) }} (1990) 380. (2005) (> 500.)
Namnet Marianne er kjent i Noreg frå 1500-talet av. I nyare tid har Marianne vore mellom dei mest populære dåpsnamna på jenter i Noreg, i perioden 1955 til 1985. Det toppa seg i 1967.
Historisk utvikling av populariteten til namnet Marianne i Noreg.Statistisk Sentralbyrå:Statistikk for navn i NorgeArkivverket:Folketellinger i Norge
Kjende namneberarar
Marianne Ahrne, svensk regissør og forfattar Marianne Dahlmo, norsk langrennar Marianne Faithfull, britisk songar og skodespelar Marianne Heske, norsk biletkunstnar Marianne Clementine Håheim, norsk forfattar Marianne Kjørstad, norsk skirennar Marianne Marthinsen norsk politikar Marianne Rokne, norsk handballspelar Marianne von Werefkin, russisk-sveitsisk målar Marianne Aasen, norsk politikar
Annan bruk I kulturen Marianne Dashwood er ein hovudperson i Fornuft og følelser av Jane Austen Marianne på sykehus er ei norsk barnebok og film Vekebladet Marianne er eit fransk nyhendeblad Mariann Grammofon AB er eit svensk plateselskap
I stadnamn Mariannenplatz i Berlin Mariannelund (tettstad i Småland)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
SCB:s namnstatistik
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Frankrike