Fredrik Vilhelm I () frå Huset Hohenzollern var konge av Preussen og kurfyrste av Brandenburg (som Fredrik Vilhelm II) frå 1713 til han døydde i 1740. Han vert populært kalla «Soldatkongen» (der Soldatenkönig).
Faren hans, Fredrik I av Preussen, var den første kongen av Preussen. Fredrik Vilhelm konsentrerte seg om å bygge opp den militære makta til Preussen. Han sentraliserte og betra den prøyssiske staten, erstatta tvungen militærteneste for middelklassen med ein årleg skatt, oppretta grunnskular, og sørgde for å folkesette Aust-Preussen etter at innbyggjartalet hadde vorte redusert som følgje av pest i 1709.
Han levde spartansk for sin stand å vere, og likte best å vere kledd i hæruniformen sin. I motsetnad til faren og bestefaren hadde han ikkje mykje til overs for kultur og protesterte på pengar som ikkje gjekk til hæren. I levetida hans vart den prøyssiske hæren fordobla.
Fredrik Vilhelm og kona hans Sofie Dorothea av Hannover hadde åtte overlevande barn.
Vilhelmine av Bayreuth (1709-1758) Fredrik II av Preussen (òg kalla «Fredrik den store») (1712-1786) Frederikke Louise (1714-1784) Filippine Charlotte (1716-1801) Sofie Dorothea Marie (1719-1765) Louise Ulrike, dronning av Sverige (1720-1782) August Vilhelm (1722-1758) Anna Amalia (1723-1787) Henrik (1726-1802) August Ferdinand (1730-1813)
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Fredrik Vilhelm I av Preussen» frå , den 12. november 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Prøyssiske kongar Kategori:Brandenburgske kurfyrstar Kategori:Huset Hohenzollern Kategori:Den svarte ørn-ordenen Kategori:Folk frå Berlin