Den store nordiske krigen (1700–1721) var ein storkrig der ein koalisjon av mange statar klarte å stå imot den svenske overmakta nord i Sentral- og Aust-Europa. I starten bestod alliansen mot Sverige av Peter den store frå Russland, Fredrik IV frå Danmark-Noreg og August den sterke frå Sachsen-Polen-Litauen. Fredrik IV og August den sterke vart tvungne ut av alliansen i respektive 1700 og 1706, men kom inn att i 1709. Georg I av Braunschweig-Lüneburg (Hannover) slo seg saman med koalisjonen i 1714 for Hannover og 1717 for Storbritannia og Fredrik Wilhelm I frå Brandenburg-Preussen i 1715. På den svenske sida var Holstein-Gottorp, mellom 1704 og 1710 fleire polske og litauiske magnatar under Stanisław Leszczyński og mellom 1708 og 1710 kosakkar under Ivan Masepa. Det osmanske riket støtta ei kort stund Karl XII av Sverige og gjekk til kamp mot Peter den store.
Krigen starta med eit tredobbelt åtak der Danmark-Noreg gjekk inn i Holstein-Gottorp, Sachsen-Polen-Litauen tok Svensk Livland og Russland tok svenske Ingermanland. Sverige kom seg unna det dansk-norske og russiske åtaket ved Travendal og Narva og med ein motoffensiv pressa dei styrkane til August den sterke gjennom Litauen og Polen til Sachsen, og kasta August av trona på vegen og tvinga han til å godta nederlaget i Altranstädt. Peter den store hadde samstundes kome seg på fote att og vann terreng i dei svenske provinsane i Baltikum, der han styrkte tilkomsten Russland fekk til Austersjøen med å grunnleggje St. Petersburg. Karl XII flytta frå Sachsen og gjekk inn i Russland for å møte Peter, men felttoget enda med at den svenske hovudarmeen vart utsletta i Poltava og Karl XII hamna i eksil i osmanske Bender. Russarane følgde etter han, men vart stogga ved Pruth av den osmanske armeen.
Etter Poltava, vart den opphavlege koalisjonen mot Sverige gjenoppretta og med seg fekk dei Hannover og Preussen. Dei gjenverande svenske styrkane sør og aust for Austersjøen vart driven ut frå dei svenske maktområda, som dei alliere delte seg i mellom. Sjølve Sverige vart invadert av Danmark-Noreg frå vest og Russland frå aust. Sjølv om dei danske åtaka vart slått attende, klarte Russland å okkupere Finland og påførte den svenske marinen og kystforta deira store tap. Karl XII starta ein front mot Noreg, men vart drepen i Fredriksten i 1718.
Krigen enda med nederlag for Sverige, og Russland vart den nye stormakta i Austersjøen og ei viktig brikke i europeisk politikk. Den formelle avsluttinga på krigen vart markert med den svensk-hannoveranske og svensk-prøyssiske Stockholm-traktaten (1719), den dansk-svenske Fredriksborg-traktaten (1720) og den russisk-svenske Nystad-traktaten (1721). Her avstod Sverige fritakinga frå Öresundtollen, alle maktområda deira bortsett frå nordlege delar av Svensk Pommern og braut banda med Holstein-Gottorp. Hannover fekk Bremen-Verden, Brandenburg-Preussen fekk Oder-estuaret, Russland sikra seg provinsane i Baltikum og Danmark fekk Schleswig-Holstein. I Sverige hadde eineveldet kome til ein slutt då Karl XII døydde og fridomstida starta.
Bakgrunn Mellom 1560 og 1658 skapte Sverige eit baltisk rike rundt Finskebukta som bestod av provinsane Karelen, Ingermanland, Estland og Livland. Under trettiårskrigen fekk Sverige òg område i Tyskland, mellom anna det vestlege Pommern, Wismar, Hertugdømet Bremen og Verden. I same periode erobra Sverige dei dansk-norske provinsane nord for Øresund (1645; 1658). Desse sigrane kan tilskrivast den gode armeen til Sverige, som sjølv om han var langt mindre enn dei kontinentale armeane, var langt meir profesjonelle og betre trent. Særleg klarte dei å avfyre skota sine raskare enn fienden på grunn av dyktig eksersis.
Dei svenske styresmaktene klarte ikkje å støtte og oppretthalde armeen sin i den lange krigen. Felttoga på kontinentet vart sett i gang på grunnlag av at armeen kunne vere sjølvforsørgande gjennom plyndring og skattlegging av dei nyvunne områda. Prisen for krigføringa viste seg derimot å vere langt høgare enn det dei okkuperte landa kunne klare å betale og dei svenske pengeskrina gjekk tomme.
Sverige blanda seg inn i Russland under den store urotida og fekk gevinst i Stolbovo-traktaten (1617), som gjorde at Russland ikkje lenger hadde direkte tilkomst til Austersjøen. Dette gjorde igjen at Russland ikkje var i stand til å utfordre det svenske hegemoniet i regionen. Lukka til russarane snudde seg på andre halvdel av 1600-talet, først og fremst då Peter den store kom til makta. Han ønskte å vinne attende områda russarane tidlegare hadde tapt og ønskte å få tilkomst til Austersjøen att. Seint i 1690-åra klarte eventyraren Johann Patkul å alliere Russland med Danmark og Sachsen via Preobrazjenskoje-traktaten og i 1700 gjekk dei tre statane til åtak.
Stridande partar Svenskane Karl XII av SverigeKarl XII av Sverige, Fredrik IV av Holstein-Gottorp, August den sterke og Fredrik IV av Danmark-Noreg var alle barnebarn av Fredrik III av Danmark-Noreg etterfølgde Karl XI av Sverige i 1697, 14 år gammal. Frå føregangaren overtok han Det svenske imperiet som ein einveldig monark. Karl XI hadde prøvd å halde imperiet borte frå krigar og konsentrerte seg om reformer innariks som reduksjon og inndelingsverket, som hadde styrkt statusen til monarken og den militære dugleiken til imperiet. Karl XII såg på seg sjølv i same tradisjon som riddarane i mellomalderen og var kjend for å vere rettferdig og mislike den barokke levemåten, som alle former for luksus, alkohol og bruk av fransk språk. I staden føretrekte han å leve som ein vanleg soldat på hesteryggen borte frå dei vanlege barokke hoffmiljøa. På uaktsamt vis strevde han etter å ha avsette motstandarane sine. Han såg på desse som uverdige for tronene sine fordi dei hadde brote lovnader dei i mellom, og han avslo fleire tilbod om å gjere fred med dei. Denne haldninga vart rekna som stor av somme, og galskap av andre. Det er usikkert kva retning kula som tok livet av han i 1718 kom frå. Under krigen var den viktigaste svenske kommandanten ved sidan av kongen den nære venen Carl Gustav Rehnskiöld, samt Magnus Stenbock og Adam Ludwig Lewenhaupt.
Fredrik IV av Holstein-Gottorp og søskenbarn av Karl XII, var gift med Hedvig Sophia, dotter til Karl XI av Sverige, i 1698. Sonen hans og etterfølgjaren frå 1702, Karl Fredrik gjorde krav på den svenske trona då Karl XII døydde, men måtte avstå kravet til Ulrika Eleonora. Han var gift med dotter til Peter den store, Anna Petrovna.
Ivan Masepa var ein kosakkisk hetman som kjempa side om side med Peter den store, men i 1708 hoppa han over til Karl XII. Han døydde i 1710 medan han var i eksil i Det osmanske riket.
Dei allierte mini|Karl XII av Sverige mini|Peter den store av Russland Peter den store etterfølgde Ivan V av Russland i 1696 og etter ei danningsreise til Vest-Europa heldt han fram reformene som føregangarane hans hadde starta med å omforme Det russiske tsardømet til eit moderne imperium som var tre gonger så stort. Han klarte å gje landet tilgang til Austersjøen, Svartehavet og Kaspihavet. Tilnamnet hans kjem av desse bragdene. Dei viktigaste russiske kommandantane utanom Peter var Aleksandr Danilovitsj Mensjikov og Boris Sjeremetev.
August den sterke, kurfyrste av Sachsen og eit anna syskenbarn av Karl XII, fekk den polske krona etter at Jan Sobieski døydde i 1696. Han levde eit liv på barokk vis, omgjorde hovudstaden hans Dresden til ein verdskjend barokkby og hadde godt over hundre barn. Han hadde ambisjonar om å omgjere Det polsk-litauiske samveldet til eit eineveldig monarki, men mislukkast. Møtet med Peter den store i Rava i september 1698, der dei la planar om å angripe Sverige, var så dekadent at det vart legendarisk. Han fekk tilnamnet sitt fordi han var så fysisk sterk.
mini|venstre|200px|August den sterke (venstre) og Fredrik Wilhelm I av Preussen (høgre)
Fredrik IV av Danmark-Noreg, eit anna syskenbarn av Karl XII, etterfølgde Kristian V i 1699 og førte vidare den antisvenske linja. Etter tilbakeslaga i 1700, fokuserte han på å omforme staten sin, eit eineveldig monarki, på liknande måte som Karl XI av Sverige hadde gjort. Han klarte ikkje hovudmålet sitt om å ta attende dei tidlegare austlege danske provinsane som svenskane hadde teke på 1600-talet, og klarte heller ikkje å sikre seg det nordlege Svenske Pommern, som var dansk frå 1715 til 1720. Likevel enda han den svenske trugselen sør for Danmark og klarte å gjere slutt på at Sverige ikkje skulle betale Øresundtollen.
Fredrik Wilhelm I gjekk inn i krigen som kurfyrste av Brandenburg og konge i Preussen - kongetittelen hadde han fått i 1701. Han var bestemt på å ta Oder-estuaret for å få direkte tilkomst til Austersjøen for kjerneområda i Brandenburg. Dette hadde vore målet til Brandenburg i fleire hundreår. Georg I frå Huset Hannover, kurfyrste av Braunschweig-Lüneburg og etter 1714 konge av Storbritannia og Irland, nytta høvet til å knyte det kystlause tyske kurfyrstedømet sitt til Nordsjøen.
Armeane mini|150px|Fredrik IV av Danmark-Noreg
I 1700 hadde Karl XII ein ståande hær som trente årleg. Hæren bestod av 77 000 mann, men i 1707 hadde talet stige til minst 120 000 trass tap.
Russland klarte å mobilisere ein langt større arme, men klarte ikkje å sette alle av dei ut i krigen samstundes. I tillegg var det russiske mobiliseringssystemet ineffektivt og no når nasjonen vart utvida i alle retningar, måtte det forsvarast overalt. Garnisonane trong støtte og krigen måtte betalast for. Ei stor mobilisering som dekte dei enorme områda til Russland ville vore urealistisk. Peter den store prøvde å få moralen i hæren sin opp til svenske nivå.
Danmark-Noreg medverka med 20 000 mann i invasjonen deira av Holstein-Gottorp og fleire hadde dei i andre frontar. Polen og Sachsen klarte i lag å mobilisere minst 100 000 mann.
1700: Danmark, Riga og Narva
Fredrik IV av Danmark-Noreg regisserte det første åtaket mot den svenske allierte Holstein-Gottorp sør for riket sitt. Alt i 1697 hadde dei danske styrkane jamna fleire av festningane til Gottorp med jorda og i mars 1700 kom igjen ein dansk arme inn i området og kringsette Tönning.Frost (2000), s. 227-228 Samstundes rykte styrkane til August den sterke fram gjennom Svensk Livland, erobra Dünamünde og kringsette Riga. Dei første forsøka på å storme Riga vart gjort alt i desember 1699.Frost (2000), s. 228-229
mini|venstre|Narva (1700)
Karl XII av Sverige fokuserte først på det danske åtaket. Den svenske marinen klarte å utmanøvrere den danske blokaden av Øresund og sette ein arme i stilling nær den danske hovudstaden København. Dette overraskande trekket og trykket frå dei maritime maktene tvinga Danmark-Noreg til å trekke seg frå krigen i august 1700 med freden i Travendal.Frost (2000), s. 229
Karl XII kunne no raskt flytte armeen sin til austkysten av Austersjøen og møte dei gjenverande fiendane sine, som utanom armeen til August den sterke i Livland, var armeen til den russiske tsaren Peter den store, som alt var på veg til å invadere det svenske Ingermanland, dei dei kringsette Narva i oktober. I november møttest dei russiske og svenske armeane og Russland leid eit stort nederlag i det første slaget ved Narva.Frost (2000), s. 230
Etter at den første koalisjonen vart oppløyst gjennom freden i Travendal og etter sigeren ved Narva, rekna den svenske kanslaren Benedict Oxenstjerna at dette var så gunstig for Sverige at no når Frankrike og dei maritime maktene var på randen av den spanske arvefølgjekrigen, så hadde Sverige eit gyllent høve til å ende krigen og gjere Karl til meklar for Europa.
1701–1706: Sachsen-Polen-Litauen Stanisław Leszczyński|venstre|mini August den sterke|mini