Ouidah er ein by på atlanterhavskysten av Benin.

Byen heitte opphavleg Ajuda. Portugisarane kom til byen i 1580, og han voks snart som følgje av slavehandel. Både portugisarar, engelskmenn, franskmenn og danskar bygde fort i byen for å verna om slaveinteressene sine. São João Batista, det portugisiske fortet, høyrde til Portugal heilt fram til 1960. Det huser nå eit museum.

I Ouidah kan ein også sjå kunstgalleriet Maison du Brésil, eit voodootempel, ei kyrkje frå tidleg 1900-tal og den heilage skogen Kpasse, som inneheld fleire bronsestatuar.

Route des Esclaves, slaveruta, var den vegen slavane tidlegare blei frakta til stranden og inneheld i dag talrike statuar og monument til minne om dette.

Kjende folk frå Ouidah Angélique Kidjo (f. 1960), musikar Oscar Olou (f.1987), fotballspelar

Kategori:Byar i Benin