«P.S. I Love You» er ein song av The Beatles som hovudsakleg er skrive av Paul McCartneyBill Harry The Ultimate Beatles Encyclopedia s.583, men kreditert McCartney-Lennon. Songen vart gjeve ut som B-side til «Love Me Do» den 5. oktober 1962, den første singelen deira nokon gong. Han vart òg gjeve ut på albumet Please Please Me i 1963.
Innspeling Utgåva på singelen og albumet vart spelt inn på ti forsøk den 11. september 1962 ved Abbey Road Studios i London. Andy White spelte trommer på songen og gav songen ein cha-cha-cha-stilIan MacDonald Revolution in the Head s.54 og han har derfor ikkje det kraftige trommeslaget som kjenneteikna det meste av den tidlege musikken deira. Ringo Starr speler maracas.
George Martin var ikkje til stades på denne innspelinga som vart styrt av Ron Richards.
The Beatles (med Ringo Starr på trommer) og spelte denne songen på BBC den 25. oktober 1962 (Here We Go), 27. november 1962 (Talent Spot) og 17. juni 1963 (Pop Go the Beatles).
Inspirasjon Songen vart skrive i 1961 då Paul McCartney var i Hamburg og ein meiner at songen vart skrive til hans dåverande kjæraste, Dot Rhone. McCartney har derimot avkrefta dette.Paul McCartney Many Years From Now s.37
Med ein behageleg melodi kan versa og refrenget reknast som typisk McCartney og teksten vart populær hos kvinnelege tilhengjarar. Den unge Lennon og McCartney nytta ofte det som kan høyrast ut som jazzakkordar i dei tidlege songane sine, som ein finn her med ein C#7 mellom akkordane G og D i opningsrefrenget.
Medverkande Paul McCartney — bass, solovokal John Lennon — akustisk gitar (elektrisk Gibson J-160E), solovokal George Harrison — sologitar (elektrisk Gibson J-160E) Andy White — trommer Ringo Starr — maracas
Salslister
ÅrVekeslisterPlassering 1962 UK Singles Chart17 1964 U.S. Billboard Hot 100 10 1982 UK Singles Chart4
Årsliste (1964)PlasseringU.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)107
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «P.S. I Love You (Beatles song)» frå , den 2. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Alan W. Pollack om «P.S. I Love You»
Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Tollie Records-singlar Kategori:Tennessee Ernie Ford-songar Kategori:Santo & Johnny-songar