«Twist and Shout» er ein song skrive av Phil Medley og Bert Russell. Han vart opphavleg spelt inn av the Topnotes og så igjen av The Isley Brothers. Han vart seinare spelt av The Beatles med John Lennon på vokal og gjeve ut på albumet deira Please Please Me og av Brian Poole and the Tremeloes. Songen vart òg spelt av The Mamas & the Papas som ein ballade i 1967.
Phil Spector produserte originalversjonen i 1961 for Top Notes, men dette var før han hadde utvikla «Wall of Sound»-teknikken han seinare vart kjend for og innspelinga mangla energien som gruppa viste på konsertar og vart heller ikkje særleg populær.
Isley Brothers spelte inn ei utgåve av songen i 1962 og songen vart deira første som nådde Topp 20 på den amerikanske Billboard Hot 100-lista.
The Beatles-utgåva The Beatles si utgåve av songen vart gjeven ut på det første albumet deira, Please Please Me, i 1963. Songen vart spelt inn i lag med elleve andre songar for albumet på berre 10 timar. Twist and Shout var den siste songen som vart spelt inn fordi produsent George Martin visste at stemma til John Lennon kom til å slite etter framføringa. Lennon var forkjølt og drakk mjølk og åt halspastillar for å roe ned halsen. Likevel gjorde han ei bra framføring med ei hes og dynamisk stemme. Han sa seinare at stemma hans ikkje var den same i lang tid etterpå, og kvar gong han svelgde kjentest det som sandpapir.The Beatles. The Beatles Anthology. Chronicle Books, LLC, 2000. Det vart gjort eit andre forsøk på songen, men stemma til Lennon hadde då forsvunne så det første forsøket vart nytta på albumet.Mark Lewisohn, The Complete Beatles Recording Sessions Dette er ein av dei første Beatles-songane der gruppa syng «wooo» i harmoni, som skulle verte eit kjenneteikn på tidleg Beatles og «Beatlemania».
2. mars 1964 vart songen gjeven ut på singel i USA med «There's a Place» som Bside.http://stevesbeatles.com/vinyl/american/singles.asp Beatles sine amerikanske singlar I april 1964 nådde songen andre plass på den amerikanske singelliste, ei veke då Beatles hadde dei fem øvste plasseringane på lista. Songen vart den einaste coverversjonen som Beatles hadde inne på ei hitliste. I januar 1964 gjekk songen òg inn på Topp 10-lista i Noreg på ein 7. plass. Han låg tre veker på lista.VG-lista
Beatles spelte songen som avslutningsnummer på Sunday Night at the London Palladium i oktober 1963, ei hending som markerte starten på «Beatlemania». Dei spelte òg songen på Ed Sullivan Show i februar 1964.
Medverkande John Lennon – rytmegitar, solovokal Paul McCartney – bassgitar, korvokal George Harrison – sologitar, korvokal Ringo Starr – trommer
Salstrofé og singlar Salslister Liste (1964)PlasseringAustralsk Kent Music Report5US Cash Box Top 1001Vest-Tyskland - Media Control10Liste (1986)PlasseringListe (2010)Plassering
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Twist and Shout» frå , den 2. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1961 Kategori:Songar skrivne av Bert Berns Kategori:Songar skrivne av Phil Medley Kategori:The Isley Brothers-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Singlar frå 1962 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Tollie Records-singlar Kategori:Atlantic Records-singlar Kategori:MCA Records-singlar Kategori:Songar om dansing Kategori:The Mamas & the Papas-songar Kategori:The Searchers-songar Kategori:Salt-N-Pepa-songar Kategori:The Kingsmen-songar Kategori:The Miracles-songar Kategori:Del Shannon-songar Kategori:The Shangri-Las-songar Kategori:Alvin and the Chipmunks-songar Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Tom Jones-songar Kategori:The Shirelles-songar Kategori:Showaddywaddy-songar Kategori:Paul Revere & the Raiders-songar Kategori:Bruce Springsteen-songar Kategori:The Who-songar Kategori:Booker T. & the M.G.'s-songar Kategori:Sylvie Vartan-songar