Arvid Sveli () var ein norsk diktar, forfattar og skogbrukar frå Bindal.

Arvid Sveli vart fødd i Vassbygda i dåverande Bindal, no Brønnøy kommune. Frå tidleg ungdom arbeidde han som tømmerhoggar. Sidan tok han skogbruksutdanning og vart skogbestyrar og frå rundt 1950 heradskogmeister på Sør-Helgeland. I 2011 vart eit minnesmerke for Sveli og forfatterskapen hans avduka på Sveliheia i Vassbygda.

Bibliografi Blant romanar han har skrive er Til Åbjøras kilder gjennom villmark i Sør-Helgeland (1975) Ved den lange elva (1977) Det gjemte landet (1980) Stien til Maajeh-tjokka (1984)

Ein del av dikta hans er samla i boka Drømmen om grønne skoger (2000).

Andre bøker han har skrive eller redigert er Vi Menn på Svalbard (Norsk polarinstitutt, småskrift 1972) Helgeland skogselskap gjennom 75 år, 1905-1980 Årbok for Helgeland 1983, 1984, 1985 Banken på Berg : Brønnø sparebank, Helgeland sparebank, avd. Berg, 125 år - 1860-1985 Skogbruk i Nord-Norge - Streiftog gjennom historien (1987, 1990) Møte med natur og mennesker (1991) Lomsdalsvassdraget : kulturminner fra en øde grend (1992) Fra vår nære fortid (1993) Sparebanken i Brønnøysund 100 år : Brønnøsunds sparebank - Helgeland sparebank avd. Brønnøysund 1894-1994 (1994) En milepel : folkets tjener i 75 år : As Brønnøysunds avis og bokhandel 1920-1995 (1995) Villmark, skog og industri : historien om Bindalsbruket og Plahtes eiendommer (1998) 90 år : Brønnøysund sanitetsforening : 1909-1999 (1999) Sponplatefabrikken i Hattfjelldal : et eventyr fra utkant-Norge (2004)

Kjelder Bibsys Arvid Sveli: Skogbruk i Nord-Norge - Streiftog gjennom historien Nord-Norges Skogmannsforbund 1987 ISBN 9034911-4 (omtale på bokomslag) Brønnøysund Avis 10.10.2018

Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Bindal Kategori:Folk frå Brønnøy