Carl Albert «Flisa» Andersen () var ein norsk friidrettsutaver og turnar. Han deltok i sommar-OL 1900 og 1908, og ekstraleikane i 1906. Han vert rekna for å vere Noregs første olympiske medaljevinnar då han vart tredje beste i stavsprang under leikane i 1900, med ny nordisk rekord - 3,20 m. Men sidan det i desse leikane berre vart delt ut medalje til dei to fyrste i kvar øving, fekk han aldri eigentleg noko medalje. Det er likevel vanleg å rekne dei som kom på tredjeplass i øvingane under desse leikane som medaljevinnarar i historiske oversikter. Andersen vart òg nr fire i høgdehopp med eit sprang på 1,70 m.
Andersen vart norsk meister både i stavsprang og høgde i 1896, 1897 og 1900. I 1906 deltok Andersen på det norske gymnastikklaget som tok lag-gull under jubileumsleikane i Aten. To år seinare var han òg på laget da det norske gymnastikklaget tok sølv i London.
Andersen represente Oslo-klubbane Ørnulf Idrætsforening og Oslo Turnforening.
Kjelder
P. Chr. Andersen: De olympiske leker gjennom 50 år. Dreyers Forlag, 1945 Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt: Idrettsleksikon. Kunnskapsforlaget, 1990. ISBN 82-573-0408-5 Per Jorsett: 100 år med olympiske leker. Hjemmets Bokforlag, 1996. ISBN 82-590-1681-8
Denne artikkelen bygger på «Carl Albert Andersen» frå , den 21. august 2008.
Bakgrunnsstoff Profil på databaseolympics.com Norske OL-medaljer gjennom tidene
Kategori:Norske høgdehopparar Kategori:Norske stavhopparar Kategori:Norske turnarar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1900 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1900 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1900 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1906 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1906 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1906 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1908 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1908 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1908 Kategori:Idrettsutøvarar frå Oslo