Euro (€) er ei felleseuropeisk mynteining som vert brukt i 21 EU-land (kjent som Eurosona) i tillegg til Andorra, Monaco, San Marino, Montenegro, Kosovo, Vatikanstaten og Zimbabwe.
1 euro svarer til 100 cent, eller eurocent.
Historie mini|venstre|Euro-symbolet føre den europeiske sentralbanken i Frankfurt mini|Land som brukar euro 2026. mini|Euro mot sambandsstatsdollaren frå 1999 til 2004. 120px|mini|Eurosymbolet med offisielle fargar.
Opphavet til euroen kan sporast attende til den 13. mars 1979, då Det europeiske økonomiske fellesskapet etablerte ECU. Dette var ei kunstig rekne- og valutaeining som var bestod av ei korg med ulike vekter av valutaene til medlemsstatane. Då euroen vart innført, erstatta han ECU i høvet 1:1.
I 1990 innleidde Den økonomiske og monetære unionen (ØMU) førebuinga til overgangen til éin felles valuta i tre etappar, der den siste var overgangen til euro. Euroen kom etter ECU i 2001 for alle dei landa som var med på den tredje fasen i ØMU. Av dei tidlegare 15 medlemslanda i EU er det i dag berre Danmark, England og Sverige som ikkje har innført euroen. Av dei nye medlemslanda gjekk Slovenia over til euroen den 1. januar 2007, Slovakia 1. januar 2009, og Kypros har òg gått over. Dei andre vil venteleg på eit tidspunkt gå over til euroen, men det kan ta fleire år før dei stettar krava som er sette.
Eurosona Euro er primært valuta i eurosona som består av 21 EU-land.
# EU-land Innført1. januar 1 1999 2 1999 3 2026 4 2011 5 1999 6 1999 7 2001 8 1999 9 1999 10 2023 11 2008 12 2014 13 2015 14 1999 15 2008 16 1999 17 1999 18 2009 19 2007 20 1999 21 1999
Euro er òg offisiell valuta i seks statar og eitt område utanfor EU. Tre av desse pregar euromyntar, men ikkje euro-setlar, sidan dei ikkje offisielt er ein del av eurosona. Euro blir òg nytta i eit område tilhøyrande eit EU-land som elles ikkje nyttar euro.
Små statar og område ValutaErstatta fransk franc og spansk peseta med euro den 2004/548/EC: Council Decision of 11 May 2004 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Principality of Andorra, 11. mai 20042004/750/EC: Council Decision of 21 October 2004 on the opening of the negotiations on an agreement concerning monetary relations with the Principality of Andorra, 21. oktober 2004, kan prege euromyntar.Erstatta fransk franc med euro den 1999/96/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Principality of Monaco, 31. desember 1998, kan prege euromyntar.Erstatta italiensk lire med euro den 1999/97/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with the Republic of San Marino, 31. desember 1998, kan prege euromyntar. Erstattet italiensk lire med euro den 1999/98/EC: Council Decision of 31 December 1998 on the position to be taken by the Community regarding an agreement concerning the monetary relations with Vatican City, 31. desember 19982003/738/EC: Council Decision of 7 October 2003 on the adoption of amendments to be made to Articles 3 and 7 of the Monetary Convention between the Italian Republic, on behalf of the European Community, and the Vatican City State, represented by the Holy See, and authorising the Italian Republic to give effect to these amendments, 7. oktober 2003, kan prege euromyntar. Akrotiri og Dhekelia på KyprosErstatta kypriotisk pund med euro den Land frå det tidlegare Jugoslavia ValutaI januar 2000 vart serbisk dinar erstatta med tyske mark i det sørlege Kosovo. Tyske mark vart erstatta med euro den I januar 2000 vart serbisk dinar erstatta med tyske mark. Tyske mark vart erstatta med euro den
Danmark, Storbritannia og Sverige Då Maastricht-traktaten tredde i kraft den vart Danmark og Storbritannia førebels ståande utanfor eurosona. Sverige forplikta seg i Maastricht-traktaten å innføre euro, men ved folkeavstemming i 2003 vart det eit fleirtal (56 %) mot å innføre euro i Sverige.
Danmark vart medlem av ERM-2 (og dermed ØMU) den , men har ingen offisiell tidsplan om innføring av euro. Det er fleirtal for innføring av euro i opinionsundersøkingar i Danmark. Det vart blant anna snakka om blant politikarane om å halde folkeavstemming i Danmark i 2010, og å innføre euro i 2013. Men dette vart ikkje gjort.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Euro - Pengesetlar og Historie (engelsk/tysk)
Kategori:Eurosona Kategori:EU-symbol Kategori:Europeiske valutaer Kategori:Afrikanske valutaer Kategori:Asiatiske valutaer Kategori:Nordamerikanske valutaer Kategori:Søramerikanske valutaer Kategori:Karibiske valutaer Kategori:Zimbabwiske valutaer Kategori:Valutaer i Det britiske samveldet Kategori:Økonomi i EU Kategori:Introduksjonar i 1999 Kategori:Introduksjonar i 2002 Kategori:Økonomi i 1999 Kategori:ISO 4217