mini|Medaljen for Edel Dåd i gull med portrett av Harald V, advers uten band. Medaljen for Edel Dåd vart stifta ved kongeleg resolusjon 19. august 1885. Denne blir delt ut for heiderlege handlingar i samband med berging av liv eller likeverdig handling. Han er delt i gradane gull og sølv. I gull blir han delt ut for usedvanleg framifrå bergingsdåd der redninga har vore til fare for livet til den som utførte berginga. Begge medaljane er utstyrte med krone. På adversen er Kong Harald V sitt portrett med omskrifta «Harald V, Norges Konge». På reversen er det ein eikekrans som slyngar seg om orda «For edel dåd». Medaljen skal berast i band med dei norske nasjonalfargane.
Sjå òg Tildelingar av Medaljen for edel dåd
Kategori:Norske ordenar og medaljar
Kategori:Prisar og utmerkingar skipa i 1885
Sjå òg Medaljen for Edel Dåd i gull Liste over tildelingar av Medaljen for edel dåd.
Kategori:Norske ordenar og medaljar
Kategori:Prisar og utmerkingar skipa i 1885