Osøyro eller Osøyri er ein tettstad og administrasjonssenteret i Bjørnafjorden kommune i Vestland. Tettstaden hadde 15 120 innbyggjarar den 1. januar 2025 og ligg på søraustsida av Bergenshalvøya ved Fusafjorden, med sentrum ved munningen av Oselvo. Han strekker seg langs fjorden sørover til Haljem og femner frå 2013 også den tidlegare sjølvstendige tettstaden Hagavik, som låg omkring Skeisosen i vest.
Namnet «Osøyro» kjem av namnet på garden Os, og av det at garden Osøyro ligg på ei slette ved utlaupet (osen) av Oselvo.
Osøyro har verkstad- og trevareindustri, fylkeskommunal vidaregåande skule og fjordhotell. I Hagavik ligg Kysthospitalet i Hagevik (KiH), eit spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi.
Europaveg 39 og fylkesveg 552 går gjennom Osøyro. Frå 1894 til 1935 gjekk det eit 26 kilometer langt, privat og smalspora jarnbanesamband (750 mm) frå Osøyro til Nesttun stasjon på Vossebanen (Nesttun-Osbanen), i korrespondanse med lokaltog til Bergen og Voss.
Bilete frå Osøyro
Kjelder
Kategori:Busetnader i Bjørnafjorden Kategori:Gardar i Bjørnafjorden Kategori:Tettstader i Vestland