Os er ein kommune i Østerdalen i Innlandet fylke. Kommunen har grenser i nordvest til kommunane Midtre Gauldal, i nordaust til Røros, i søraust til Engerdal og i sørvest til Tolga.

Historikk Os kommune var del av Tolga formannskapsdistrikt frå 1837. I 1926 vart kommunen skild ut frå Tolga kommune. Os hadde då 1 936 innbyggjarar.

1. januar 1966 vart Tolga og Os kommunar slått saman til den nye Tolga-Os kommune. Ved denne samanslåinga hadde Os 2 015 innbyggjarar. Den 1. januar 1976 blei Tolga-Os igjen delt i to kommunar. Os hadde då eit innbyggjartal på 1 859.

Bilete

Bakgrunnsstoff Os kommune

Kategori:Tidlegare kommunar i Hedmark Kategori:Kommunar i Innlandet

Kategori:Norske kommunar skipa i 1926