Norsk krone er valutaen i Noreg. 1 norsk krone = 100 øre. Valutakoden er NOK.

Historie I Noreg vedtok Stortinget ei pengelov som vart sanksjonert 4. juni 1873 til å gå over til gullstandard og bruke nemninga kroner og øre saman med dalar og skilling, der 1 speciedaler = 4 kroner. I lov om pengevesenet av 17. april 1875 vart dalar- og skillingneminga avvikla, og det vart bestemt at Pengeenheden skal være en Krone, som deles i 100 Øre. Dette var ei førebuing til at Noreg 16. oktober same år gjekk inn i den skandinaviske myntunionen.

Etter lova skulle krona ha ein verdi på 25/62 av eit gram fint gull. Hovudmynten vart utmynta som tikroner og tjuekroner i gull.

Frå og med 1. mai 2012 er ikkje 50-øringen ein gyldig mynt lenger.Over og ut for 50-øringen

Valørar Pengesetlane og myntane finst i fylgjande valørar:

Setlar 50 kr 100 kr 200 kr 500 kr 1 000 kr Myntar 1 kr 5 kr 10 kr 20 kr

Sjå òg Liste over valuta i ulike land

Bakgrunnsstoff Noregs Bank: Setlar og myntar

Referansar

Kategori:Valuta Kategori:Noreg

Kategori:pengar