Storsjøen er ein innsjø i Innlandet fylke og høyrer til Glommavassdraget. Kommunane Sør-Odal og Nord-Odal deler omtrent kvar sin halvpart av sjøen. Dei fleste av innbyggjarane i Nord-Odal kommune bur i jordbruksområda rundt Storsjøen. Innsjøen er Nord-Odal sitt mest kjente landskapstrekk.
Innsjøen er eit reisemål for tyske campingturistar.
Geologi Berggrunnen nord for Storsjøen er dominert av Odalsgranitten som vart danna i prekambriumtidA og høyrer til det transskandinaviske intrusivbeltet (TIB).Ø. Nordgulen og A. Andresen: De eldste bergarter dannes; 4600-850 millionar år. I I. Ramberg, I. Bryhni og A. Nøttvedt (red.): Norges geologi. Norsk Geologisk Forening. 2006.
Båtliv Før vegnettet rundt Storsjøen vart utbygd, var Storsjøen ei viktig ferdselsveg mellom Nord-Odal og Skarnes. I byrjinga av førre hundreår var det to båtar som frakta personar og varer: «Odølingen» og MS «Storsjø».
Det er mogeleg å dra med fritidsbåt frå Storsjøen til Glåma og vidare opp til Kongsvinger kraftverk og ned til Funnefoss kraftverk. Dersom det var sluser i demninga ved Funnefoss kunne båtane dra uhindra gjennom Svanfoss sluser til Mjøsa og Lillehammer. Med sluser ved Bingsfoss og Rånåsfoss ville båtane kunne dra til Øyeren og Trøgstad.
Det er om lag 500 fritidsbåtar på dei 4 bryggene som båtforeningene Sand Båtfoening, Mo Båtforening, Austvatn Båtforening og Sør-Odal Båtforening har. I tillegg anslagsvis 100 mindre private bryggeanlegg.
Storsjøen er ein grunn sjø, tildels berre 2-3 meter djup. Dette gjer at dei store fritidsbåtane uteblir.
Øyar og holmar mini|Svennebyholmen, ei øy på Storsjøen i Odalen. Det er ei rekke mindre øyar og holmar på Storsjøen:
Rovøya, 81 112 m² Engelholmen 37 216 m². Ramsholmen 27 803 m² Svartholmen, 20 147 m² Ørderholmen 11 276 m². Svennebyholmen, 6 381 m². Vesle Svarten 4 564 m², er ei lita øy som inneheld ei koie, som er open for alle. Nokre dugnadsvillige fritidsbåteigarar har pussa opp koia, og øya har òg flytebrygge. Kjellingholmen, 4 195 m². Bratten 1 226 m². Frierholmen, 617 m², liten holme som fekk fastmerke i 1972. Fleskholmen, 481 m².
Fiske Følgjande fiskeartar finst i Storsjøen: aure brasme elveniøye gjedde gullbust harr hork krøkle lake laue mort nipigga stingsild sik steinsmett vederbuk ørekyte åbor
Storsjøen er kjend for Gjeddefestivalen på StorsjøenGjeddefestivalen: http://www.odalnett.com/nff/default.asp?cat=22&menuID=22 , som vert halde i juni kvart år.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Storsjøen i Nord-Odal» frå , den 17. april 2008. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell side
Kategori:Innsjøar i Innlandet Kategori:Glommavassdraget Kategori:Geografi i Nord-Odal Kategori:Geografi i Sør-Odal