Osensjøen eller Ossjøen er ein innsjø i kommunane Åmot og Trysil i Innlandet. Innsjøen har avløpet sitt gjennom Søre Osa til Rena og Glomma.

Ved nordenden av Osensjøen ligg bygda Nordre Osen i Åmot kommune. På vestsida av sjøen ligg Sørlistøa fløtermuseum. I sørenden av sjøen ligg bygda Søre Osen i Trysil Kommune. Størstedelen av arealet ligg i Trysil. På austsida av Osensjøen ligg nokre av dei eldste gardene i området og dei skriv seg frå skogfinnane si innvandring midt på 1600-talet.

Innsjøen er regulert og vert nytta som magasin for Osa kraftverk

Kategori:Innsjøar i Innlandet Kategori:Geografi i Trysil Kategori:Geografi i Åmot