Midsund er ein tidlegare norsk øykommune på romsdalskysten i Møre og Romsdal. Han var omgjeven av kommunane Aukra i nordaust, Molde i aust, Vestnes i sør, Haram i sørvest og Sandøy i vest. 1. janaur 2020 vart kommunen slegen saman med Molde og Nesset til nye Molde kommune.
Det var to kyrkjer i Midsund kommune. Nord-Heggdal kapell og Otrøy kyrkje ligg begge på Otrøya.
Kommunen hadde rundt 2050 innbyggjarar. Tettstaden Midsund hadde 583 innbyggjarar per 1. januar 2019.
Historie Det finst spor av busetjing frå Fosnakulturen ca. 6-8000 år f.Kr. Ein kjenner også til busetjinger frå 1400-talet.
Den mektige steingarden på Midøya var ein del av riksgrensa mellom Danmark-Noreg og Sverige i perioden 26. februar 1658 til 27. mai 1660. Steingarden var det vestlegaste endepunktet på riksgrensa.
Geografi Kommunen består av øyane Otrøy, Midøy, Dryna, Magerøy og Tautra.
Samfunn
Dialekt Ein frå midsund snakkar romsdalsdialekt og brukar «i» som førsteperson eintall.
Næringsdrift Næringslivet i Midsund er preget av fiskeoppdrett, fiske, jordbruk og havrelatert mekanisk industri.
Idrett Midsund har sitt eige idrettslag som heite Midsund Idrettslag (forkorta MIL). Vi finn ein idrettshall, treningsstudio, Midsund stadion og Skeidvoll kunstgrassbane.
Kultur Midsund har ein kino som har tilholdsstad på bygdheim forsamlingshus. Bygdheim har plass til 170 personar.
Midsund musikklubb bidrar til å oppretthalde levande musikk i Midsund.
Midsund har eiga lokalavis kalla Midsundingen som blir oppdatert kvar dag på nettstaden deiras og utgjeve kvar måned i papir.
Verdt å sjå
Bjørneremshellarane Franskhelleren Hellekista på Orset Helleristningar på Nord Heggdal Kvernhuset i Heggdalsvika Midsundtrappa Riksgrensa mellom Danmark/Noreg - Sverige
Kjende folk frå Midsund Anton Beinset, (1894-1963), redaktør og forfattar Eivind Reiten, (1953-), politikar og næringslivsleiar Ole Arve Misund, (1958-), direktør i Norsk Polarinstitutt Eldbjørg Raknes, (1970-), jazzmusikar Steinar Raknes, (1975-) jazzmusikar
Kjelder
Bakgrunnsstoff Midsund kommune
Kategori:Romsdal
Kategori:Tidlegare kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Molde kommune Kategori:Norske kommunar skipa i 1965 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2020