Smøla er ein øykommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Over Ramsøyfjorden i aust ligg øya og kommunen Hitra, og over Edøyfjorden i sør ligg Aure og øya Tustna. Ein person frå Smøla blir kalla «smølaværing» eller «smølværing».

Kommunevåpenet frå 1989 viser to oppflygande sølvmåsar på raud bakgrunn.

Geografi Kommunen er den nordlegaste på Nordmøre. Han ligg tre mil nord for Kristiansund. Heile kommunen omfattar over 5 800 øyar, holmar og skjer. Den største øya, Fast-Smøla, dekkjer 214 km² av den totale flatevidda av kommunen på 275 km².

Næringsliv Dei viktigaste næringane i kommunen er landbruk og fiske, men sørvisnæringane har hatt aukande omfang. Smøla vart den fyrste store vindkraftkommunen med opninga av Smøla vindpark i i 2002. Smøla vindpark II vart opna i 2005. Reiselivsnæringa har òg vorte viktig.

Historie

Kulisteinen på Kuløya er ein godt ivareteken runestein som nemner kristninga av Noreg, og er den eldste kjende skriftlege bruken av namnet «Noreg».

Gamle Edøy kyrkje på Edøya vart bygd på 1100-talet.

Ny Jord starta eit omfattande bureisingsfelt på Frostadheia på 1930-talet

Befolkning 1. januar 2024 budde det 2159 personar i Smøla kommune. Av dei budde om lag 1650, om lag 75 %, på hovudøya Smøla. I 1900 budde berre 54 % av folket i den noverande kommunen på hovudøya. Då var det busetjing på over 50 småøyar i skjergarden rundt øya. Dei fleste av desse øyane er no fråflytta.

Folketalsutvikling for noverande Smøla kommune frå 1801

Folketalsutvikling for øya Smøla (medrekna Jøa, Steinsøya, Tjønnøya, Hjellbergsøya, Rossvoll og Buøya)

Kjende smølaværingar Ingar Knudtsen, forfattar. Nikolai Gjøstøl, kunstnar.Bygninger og Byggeskikk på Smøla

Kjelder

Bakgrunnsstoff Smøla kommune Bygninger og Byggeskikk på Smøla

Kategori:Kommunar i Møre og Romsdal Kategori:Øyar i Smøla